Kategori
Skiposten 2009
Postet av Markane IL den 30. Jan 2009
Startar opp i veke 5. Skiposten er eit tilbod til barn og unge opp til og med 15 år. Kvar veke fram til påske blir det hengt ut ein ny post i turløypene til Skiturlaget Ullsheim-Stryn. På postane heng det ei klippetang som deltakarane brukar til å klippe i kortet sitt. Klippekortet klipper du ut frå framsida av dette informasjonsarket.
Postane
Kartet på framsida viser kvar postane blir hengt ut. Kvar post heng ute i to veker. Om deltakaren ikkje får med seg ein post den veka den blir hengt ut kan ein få med seg posten veka etter, men då heng det samtidig ute ein ny post å besøke.
Når påska er over og det ikkje blir hengt ut fleire postar sender deltakarane kortet til skigruppa i Markane IL ved Per Jakob Kyrkjeeide, 6783 Stryn. Innsendingsfrist for å vere med i trekninga av premiar er tysdag 14. april.
Deltaking
Det er gratis å vere med som deltakar av Skiposten og heller ingen krav om medlemskap i noko idrettslag. Alle unge som vil kan vere med, men vi oppfordrar alle brukarar av turløypene om å kjøpe årskort i Skiturlaget Ullsheim-Stryn.
Premiar
Alle som leverer inn klippekort med besøk på 4 postar eller er med i trekninga av 6 gåvekort hjå Ytre-Eide Sport AS til samla verdi av kroner 1500,-.
Arrangør
Skiposten er eit samarbeid mellom Skigruppa i Markane IL, Turløyper Stryn AS og Sport 1 Ytre-Eide Sport AS.
Vi ønskjer alle GOD TUR!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.