Kategori
Arkiv
Markane dominans i Toppcup Nordfjord
Postet av Markane IL den 6. Apr 2008
Dagens bestemann var Vegar Sætren Bøe som brukte berre litt over 3 minutt på renninga ned til botnen av Steindalstrekket.
Vidare hadde Markane klassesiger i yngre junior med Trygve Sætren Bøe og i klassen eldre veteran ved Kåre Bøe. Med andre ord storeslem frå familien Bøe! Dei vann 3 av 6 klassar.
Med sigeren i Natakupa ned drog Vegar i land samanlagtsigeren i Topcup Nordfjord. Toppcup Nordfjord vart arrangert for første gong i år og sigeren går til den som har best totaltid på dei tre renna: Høgenibba ned, Nakkjen ned og Natakupa ned. På andreplass i samandraget kom Henning Heimlid og tredjeplassen gjekk til Isak Bergset. Markane var det suverent beste laget der heile 5 av dei 7 beste i samandraget var Markarar. 4. til 7. plassen gjekk til: Antti Hannukainen, Trygve Sætren Bøe, Kåre Bøe og Torbjørn Hatledal.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.