Nær o- løp på Tverrfjellet 4. juli, obs samlingsplass er flytta litt i retnning Vinsryggsetra.
Postet av Markane IL den 22. Jun 2007
Nær-o-løp i fantastisk natur og terreng
Komande veke, onsdag 4 juli er det Nær-o-løp på kartet ”Tverrfjellet”. Nytt til Nordvestgaloppen 2006.
RV 15/60 vest for Stryn sentrum
Berekn deg 25 min m/bil frå RV
Husk å betale bompengar. Grunneigarane treng det til vedlikehald. Flott å kunne nytte en slik veg
Fantastisk terreng å springe i med mykje tørre myrar (Skal mykje regn til for at dei blir tunge)
Kan velje mellom 5 løyper (har du sprunge 1,5 km og tykkjer det vart for enkelt kan du prøve deg på C-løypa om du ynskjer det.)
Dersom du føler deg usikker kan du ha med deg nokon rundt løypa eller springe i lag med einkvan)
- Småtroll (for dei aller minste)
- N-løype 1,5 km for nybyrjarar
- C-løype 2,1 km (enkel) for dei som vil ta steget opp frå N-nivået
- B/A-Nivå 3,1 km
- A-Nivå 5,0 km
Elektronisk tidtaking (EKT). Har gjeve o-sporten ein ny dimmensjon. Du kan enkelt samanlikne strekktider og vegval.
Brikker til utlån for dei som ikkje har
Kompass til utlån
Premie til alle småtroll og N-løparar
10 premiar trekt ut blant dei andre deltakarane
Deltakaravgift: småtroll og til og med 16 år kr. 20,voksne kr. 40
Set av onsdagskvelden til ein tur på Tverrfjellet
Vi som arrangerar (Vegar Sætren Bøe, Vigdis Valheim og Per Øen) lovar at du skal få det triveleg.
Helsing
Per Øen, Markane IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Klart for skileik på Ullsheim 4.februar
04.02.2025
Emilie Flo Stavik er teken ut til junior-VM!
03.02.2025
NM-sølv til Sogn og Fjordane
02.02.2025
God deltaking på sesongens andre cuprenn
28.01.2025
Tre sekund bak pallen i Holmenkollen
27.01.2025