Kategori
Arkiv
Nybyrjarkurs i orientering for vaksne
Postet av Markane IL den 20. Apr 2007
I samband med sesongstart arrangerer vi nybyrjarkurs for vaksne. Kurset går innandørs, på Ullsheim. Kurset passar for alle over 16 år som er interessert i orientering, eller foreldre til barn som er interessert i orientering.
Tema;
korleis lese kart
korleis finne kompasskurs
korleis tenke vegvalg
Kurset er gratis
Ta med kompass dersom du har det. Elles blir det kart og kompass som ein kan låne. Kurset er innandørs, ein treng ikkje spesielle sko eller kle.
Det blir også tilbod til dei minste, med nybyrjarkurs ute i terrenget. Meir info om dette kjem snart. For påmelding, kontakt Berit: berit.bergset@nordsida.no
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.