Kategori
Arkiv
Hovudløp og o-landsleir
Postet av Markane IL den 13. Mar 2007
Hei alle unge o-løpere i Sogn og Fjordane.
4.-9. august 2007er det hovedløpet og o-landsleiren i Asker og Bærum for 14-16 åringer.
Krinsen vår hadde i 2006 åtte deltakere på dette arrangementet. I 2007 kan vi bli mange fleire!
Kort beskrivelse for aktuelle ungdommer:
* Søndag 5.august 2007 er det Hovedløpet for yngre. Dette er eit uoffisielt NM for ungdom mellom 14 og 16 år og du konkurrerer med andre som er født i same år som deg.
Dei som ikkje er så veldig rutinerte, kan springe utanfor sjølve Hovedløpskonkurransen i lettare løyper: D 14-
*Måndag til onsdag er det full fart på leiren med Professor Drøvels minneløp og kveldsparty, ballspill, diskotek, badeliv og trening.
*Torsdagen er det stafett der du spring på lag med de andre frå kretsen, eller på mixlag med ein annen krets. På kretsstafetten er det premie til beste utkledning.
*Frist for påmelding for å vere med på Hovedløpet for yngre og O-landsleiren er omtrent midt i juni.
Vi i Sogn og Fjordane inviterer til tre leirar/samlingar der vi ynskjer å samle aktuelle løpere frå fylket med tanke på å lære meir om orientering, bli betre kjent med kvarandre og ha hovedløp og o-landsleiren som eit hovudmål for sesongen.
Samling i Sunnfjord i samband med KM-natt helga 23.-24.mars. Sjå eiga innbyding.
Samling i Sogn i samband med det årlege ”Kjeringi Open” –arrangementet på Leikanger helga 20.-22. april.
Helga 27.-29. april blir det samling i Stryn i samband med krinsløp laurdag 28. april og Olden-stafetten som går søndag 29.april.
Orientering er moro, god kondisjonstrening for skiløpere, skiskyttere og alle andre, så her er det berre å stille opp. Alle er velkomne både erfarne og nybegynnere!
For meir informasjon: kontakte Vigdis Sætren, telefon 90024801.
Sjå også sidene til orienteringsforbundet (www.orientering.no, der er link til hovedløpet sine sider m.m.)
Med vennleg helsing
Hovedløpsprosjektet i Sogn og Fjordane o-krets
Vigdis Sætren
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.