Kategori
Arkiv
Skei, 13.april 2015:
Postet av Markane IL den 19. Mar 2015
Innbyding til kurs i løypelegging
Sogn og Fjordane orienteringskrins innbyr til kurs i løypelegging.
Stad: Skei (kva for lokale blir å kome attende til når vi kjenner deltakartalet)
Tidspunkt: Måndag 13. april kl 16.45 (17.30 for dei som ikkje vil ha middag).
Køyreplan: Kl 16.45 Middag. Kl 17.30 Kursstart. Kl 21.00 Slutt
Instruktør: Christian Frøyd
Fokus: Å lage gode løyper på rett nivå, særskilt N, C og B. Forventningar, krav, retningsliner osb.
Påmelding: Seinast 7. april ved e-post til johan.mageroy@mentor.no
Det må vere min. 7 deltakarar. O-gruppene blir fakturert 250 kroner pr deltakar (uavhengig av mat).
Førebuing
I samlinga vil det vere praktiske løypeteikningsøvingar (kart/penn) og diskusjon. Deltakarane kan gjerne på førehand sende inn forslag til løyper som dei har teikna sjølv, eventuelt løyper frå lokale løp. Send desse til Christian.Froyd@hisf.no. Deltakarane kan gjerne ha med seg PC med løypeleggjarprogram (OCAD eller Purple Pen) og kart-fil, men dette er ikkje eit krav. Info om bruk av OCAD for løypelegging: http://www.orientering.no/arrangor/loypelegging/ocad/Sider/default.aspx Purple Pen er eit løypeleggingsprogram som kan installerast gratis. Programmet er minst like enkelt å leggje løyper med som OCAD. Nedlasting: http://purplepen.golde.org/download.htm Rettleiing: http://www.ok-moss.no/owiki/doku.php?id=veiledning:purplepen Med helsing Sogn og Fjordane Orienteringskrins
Innbydinga kan også lastast ned her: Innbyding til kurs i løypelegging.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.