Kategori
Arkiv
Sogndal 13.-14. juni 2014:
Postet av Markane IL den 30. Mai 2014
Innbyding til ungdomssamling
Det vert ungdomssamling i orientering i Sogndal 13.-14. juni. Samlinga startar fredag 13. juni, rett etter målgang på KM Sprint.
Stad: Sogndal sentrum. Samlingsplassen blir kunngjort seinare.
Samlinga er for ungdomar frå 10 år og oppover. Vi er fleire leiarar for å kunne dele inn i grupper ved trening. Deltakarane dekkjer reise til/frå samlinga. Elles er alt gratis.
Førebels program :
Fredag 13. juni
Sprint-o-løp i Sogndal sentrum. Påmelding via laget ditt til Sogndal IL. På kvelden (
ca 20.00) vert det felles måltid/kveldsmat. Reise til overnattingsstad.
Lørdag 14. juni
Kl 07.00 Frukost.
Kl 08.00 Avreise til trening
Kl 08.15-9.45 O-teknisk trening
Kl. 10.00 Lunsj
Kl 12.00 O-løp på Hafslo. Første startande er kl 12.00. Påmelding via laget ditt til Hafslo IL.
Kl 13-14 Analyse og gjennomløping av konkurranseløype
Kl 14.30 Heimreise
Overnatting: I Sogndals-området. Ta med sovepose.
Instruktørar: Håvard Nummedal Os, Sivert Vinjevoll Årdal og Christian Frøyd.
Hugs å ta med: Mat/drikke til umiddelbart etter konkurransen fredag. Det vert felles måltid seinare på kvelden. Treningskle og konkurransekle (inkl EMIT-brikke og kompass) for dei tre aktivitetane. Regnkle og støvlar (tilpassa vertilhøva). Sovepose. Pengar til reise.
Påmelding:
Innan 6. juni kl 12.00 til johan.mageroy@mentor.no
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.