Svein Sindre utnemnd til æresmedlem i MIL

    Postet av Markane IL den 4. Des 2015

    04NYHheider.JPG

    Svein Sindre får utdelt æresdiplom får leiar Eldbjørg Hatledal. Foto: Fjordingen


    Svein Sindre vart under 110-årsmarkeringa for Markane IL utnemnd til æresmedlem.

    Svein Sindre har vore ei viktig brikke i laget i mange år både som aktiv og som administrator. Han var leiar i laget i fem år, og mellom dei som var med å drog i gang orienteringssporten i laget.

    -Du har vore ein institusjon i bygda, sa Hatledal under overrekkinga.

    Sindre takka for heideren, og sa at noko av det som gledde mest var å få i gang o-sporten.

    Han var leiar for det første store arrangementet i laget, nemleg NM i langdistanseorientering. Som aktiv var det langrenn, hopp og skiskyting, og no er han i ferd med å samle stoff til lagssoga.

    Han er ein verdig medlem av flokken som trygt kan kallast eldsjeler.

    Svein Sindre er den sjuande æresmedlemen i laget. Dei andre er Lars Hatledal, Ola og Oddvar Sætren, Jon Kjøs og Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.

    Vi gratulerer med æresmedlemsskapet!



    Kommentarer

    Logg inn for å skrive en kommentar.