Skjølberg og Hole til topps i Postvegløpet 2016

Postet av Markane IL den 2. Jun 2016

Gisle Skjølberg og Kristine Hjellbakk Hole vart vinnarar av Postvegløpet 2016.

I alt 124 deltakarar deltok på Postvegløpet 2016. Det vart dermed ikkje ny deltakarrekord totalt (147 stk), men konkurranseklassa sette ny rekord med heile 71 løparar. Den tidlegare rekorden for konkkurranseklassa var på 65 og var sett i 2015.. Spesielt i kvinneklassa var det rekorddeltaking med 17 konkurranseløparar. Samarbeid med blant anna Gym Stryn dei siste par åra og auka deltaking frå Møre er nok blant årsakene til den store deltakinga. For mange både trimmarar og konkurranseløparar har løpet vorte fast tradisjon.

Totalvinnar av årets løp vart Gisle Skjølberg frå Bremanger på 23 min 45 sek. Hilmar Kråkenes frå Almenning kom på andreplass med 23 min 50 medan 16 år gamle Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane var tredje raskast med 23 min 55. Kvinneklassa vart vunnen av 14 år gamle Kristine Hjellbakk Hole på frå Sunnylven på 26 min 51 med søstra Anniken Hjellbakk Hole på andreplass med 27 min 41. Emilie Flo Stavik (13 år) frå Stryn var tredje raskast blant damene.

Her er komplett resultatliste. Nokre foto frå årets løp er lagt ut her

Resultatliste Postvegløpet 2016 (Excel)

Resultatliste Postvegløpet 2016 pdf-format


Som vanleg vart det trekt ut mange fine gåvepremiar blant både deltakarane i konkurranse- og trimklassa. Takk til alle som støtta oss med premiar!

Her er årets trekningsliste:

Trekningsliste premiar Postvegløpet 2016



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.