NM-gull til Tarjei Bø på fellesstarten
Lagt ut av Markane IL den 18. Sep 2023
Verken Johannes eller Tarjei låg heilt i teten før første skyting, der begge fekk seg ein strafferunde. Men på dei neste to skytingane vart det feilfritt for Johannes, og ut frå tredje skyting var han rett ibak leiaren Sturla Holm Lægreid. Tarjei låg etter tredje skyting på 7. plass, ca. 45 sekund bak, etter å ha vore ut i ein strafferunde på kvar av dei første tre seriane.
Men på siste skyting vart det skifte i teten Etter feilfritt på dei første tre seriane vart det heile tre strafferundar på Lægreid. Også Johannes måtte ut i to strafferundar, og gjekk ut på ein tredjeplass. Med feilfritt på dei siste fem skota var det Tarjei som overtok førsteplassen, nokre få sekund føre Harald Øygard frå Skrautvål IL.
Sistnemnde vart innhenta av Johannes, og eit stykke ut på den siste runden låg det an til dobbelt Bø. Men Vebjørn Sørum frå Søndre Ål hadde ein god dag på rulleskia. Han henta inn Johannes si leiing på kring ti sekund, og inn til mål gjekk han ifrå med ytterlegare tre sekund. Han var fire sekund bak norgesmeister Tarjei. Men gull og bronse til Bø og Markane!
Også Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk eit nytt godt løp - spesielt i løypa. På skytinga enda det med totalt seks strafferundar, men farten var god og førte han til ein flott 14. plass.
Vi gratulerer!
Gull til Maren og Johannes i NM rulleskiskyting!
Lagt ut av Markane IL den 17. Sep 2023
Det vart to gullmedaljar til Markane-løparar under sprinten i NM rulleskiskyting. i Kristiansand. Maren Hjelmeset Kirkeeide vann sprinten i klasse K20–22 og Johannes Thingnes Bø sikra seg NM-gull i menn senior.
FOTO: SVEIN HALVOR MOE
Maren er framleis juniorløpar. sjølv om ho er på landslaget. På laurdagens NM-sprint deltok ho saman med dei jamgamle jentene i K20-22, og det resulterte i ein klar siger Med feilfri skyting og god fart i løypa vann med Maren klassa med 1 minutt og 18 sekund. Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim frå Hardbagg IL vart nummer fire i same klassat. Ho skaut ein bom og var berre 1,7 sekund unna bronsemedaljen.
Johannes Thingnes Bø tok eit nytt NM-gull i seniorklassa. Han skaut to feilfrie seriar og tok sigeren seks sekund føre Endre Strømsheim frå Bærums Skiklub. Her kom Johannes Dale-Skjevdal på tredjeplass
Tarjei Bø måtte ut i ein strafferunde og vart nummer ti. Han var vel minuttet bak Johannes.
Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk også eit godt løp og vart nummer 16 etter ein bom på kvar av skytingane.
Vi gratulerer!
Maren Hjelmeset Kirkeeide klar for elitelandslaget!
Lagt ut av Markane IL den 1. Apr 2023
Maren Hjelmeset Kirkeeide (20) er teken ut på elitelandslaget i skiskyting etter ein fantastisk sesong.
Etter ein sesong med siger i supersprint-cupen til IBU, ein god verdscupdebut og to NM-gull (sprint og mix-stafett 17-senior) har skiskyttarforbundet no teke ho ut til det norske elitelandslaget for kvinner.
Dette betyr at Markane IL har tre løparar på elitelandslag neste sesong! Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø er med vidare på elitelandslaget herrar.
I tillegg er Emilie Flo Stavik frå Markane IL framleis med på U23-landslaget.
Vi gratulerer!
Simon Hjelmeset Kirkeeide tok gull i Norgescupen på heimebane!
Lagt ut av Markane IL den 12. Mar 2023
Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til sin andre siger i Norgescupen for året då han vann sprinten i seniorklassen på Ullsheim i dag! (Foto: Inge Fænn, Fjordingen)
Simon Hjelmeset Kirkeeide var i heilt framme i teten frå start til mål. Etter å ha skote fem rett ned på liggande vart det ein strafferunde på Simon etter ein kant ut på ståande. Men med stor fart i sporet vart det ein klar siger i seniorklassen og den andre sigeren i Norgescupen denne sesongen! På sølvplass følgde Vetle Rype Paulsen frå Lier IL. Han hadde også ein bom og var 18 sekund bak i mål. Bronsen gjekk til Herman Dramdal Borge frå Svene IL/Team Svene som var 33 sekund etter vinnaren.
Vi gratulerer Simon med siger i Norgescupen!!
Det vart også fleire andre lokale topp-femten plasseringar.
Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim frå Hardbagg IL/Team Woodcon vart nummer 9 i K20-22.
Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL/Stryn vgs vart nr 5 og Eline Mathea Myren frå Valldal IL/Stryn vgs nr 6 i klasse K19. Linnea Melheim Espe frå Markane IL/Stryn vgs kom på 11.plass.
I M18 vart det 11.plass til Elias Helset frå Sunnylven IL/Stryn vgs og 15.plass til Eirik Stensaker Tvinnereim frå Hardbagg IL/Stryn vgs.
I K17 gjekk Katrine Svarstad Heggdal Markane IL/Stryn vgs inn til ein flott 9.plass.
I K18 vart det sølvmedalje til Elida Fuglem frå Valldal IL som går på Stryn vgs. Mari Sofi Meland Markane IL/Stryn vgs vart nr 14 i same klassa.
Vi gratulerer!
NM-gull i miks-stafett på heimebane!
Lagt ut av Markane IL den 11. Mar 2023
Maren Hjelmeset Kirkeeide, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Johan-Olav Smørdal vann suverent NM-gull i miks-stafett på Ullsheim laurdag. (Foto: Inge Fænn/Fjordingen)
Den andre dagen i norgescup/NM-helga starta flott for våre lokale løparar då laget frå Sogn og Fjordane gjekk inn til NM-gull. Medan snøen meir eller mindre lava ned tok laget med to av tre utøvarar frå Markane IL eit solid gull i Mix stafett 17-senior på heimebane.
Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL gjekk den første etappen. Ho brukte totalt to ekstra skot. Ut frå første skyting var det jamt i teten, men derifrå og til mål var ho i tet heile vegen.
Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk dermed først ut på den andre etappe, også han i tett snøver. Han trengde fem ekstra skot for å få blinkane ned, men slapp strafferunder og sendte Johan-Olav Smørdal Botn, Stårheim IL ut med god leiing på den siste etappen. Johan-Olav brukte også fem ekstraskot, men hadde god kontroll heile vegen. I mål var det heile 45 sekund ned til Buskerud på sølvplass. Nord Østerdal tok bronseplassen.
Vi gratulerer med NM-gull!