Simon Hjelmeset Kirkeeide tok gull i Norgescupen på heimebane!

Postet av Markane IL den 12. Mar 2023


Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til sin andre siger i Norgescupen for året då han vann sprinten i seniorklassen på Ullsheim i dag! (Foto: Inge Fænn, Fjordingen)

Simon Hjelmeset Kirkeeide var i heilt framme i teten frå start til mål.  Etter å ha skote fem rett ned på liggande vart det ein strafferunde på Simon  etter ein kant ut på ståande. Men med stor fart i sporet vart det ein klar siger i seniorklassen og den andre sigeren i Norgescupen denne sesongen! På sølvplass følgde Vetle Rype Paulsen frå Lier IL. Han hadde også ein bom og var 18 sekund bak i mål. Bronsen gjekk til Herman Dramdal Borge frå Svene IL/Team Svene som var 33 sekund etter vinnaren. 

Vi gratulerer Simon med siger i Norgescupen!!

Det vart også fleire andre lokale topp-femten plasseringar.

Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim frå Hardbagg IL/Team Woodcon  vart nummer 9 i K20-22.

Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL/Stryn vgs vart nr 5 og Eline Mathea  Myren frå Valldal IL/Stryn vgs nr 6 i klasse K19. Linnea Melheim Espe frå Markane IL/Stryn vgs kom på 11.plass.

I M18 vart det 11.plass til Elias Helset frå Sunnylven IL/Stryn vgs og 15.plass til Eirik Stensaker Tvinnereim frå Hardbagg IL/Stryn vgs.

I K17 gjekk Katrine Svarstad Heggdal  Markane IL/Stryn vgs inn til ein flott 9.plass.

I K18 vart det sølvmedalje til Elida Fuglem frå Valldal IL som går på Stryn vgs. Mari Sofi Meland Markane IL/Stryn vgs vart nr 14 i same klassa.

Vi gratulerer!



NM-gull i miks-stafett på heimebane!

Postet av Markane IL den 11. Mar 2023


Maren Hjelmeset Kirkeeide, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Johan-Olav Smørdal vann suverent NM-gull i miks-stafett på Ullsheim laurdag. (Foto:  Inge Fænn/Fjordingen)

Den andre dagen i norgescup/NM-helga starta flott for våre lokale løparar då laget frå  Sogn og Fjordane gjekk inn til NM-gull. Medan snøen meir eller mindre lava ned tok laget med to av tre utøvarar frå Markane IL eit solid gull i Mix stafett 17-senior på heimebane.

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL gjekk den første etappen. Ho brukte  totalt to ekstra skot. Ut frå første skyting var det jamt i teten, men derifrå og til mål var ho i tet heile vegen.

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk dermed først ut på den andre etappe, også han i tett snøver. Han  trengde fem ekstra skot for å få blinkane ned, men slapp strafferunder og sendte Johan-Olav Smørdal Botn, Stårheim IL ut med god leiing på den siste etappen. Johan-Olav brukte  også fem ekstraskot, men hadde god kontroll heile vegen. I mål var det  heile 45 sekund ned til Buskerud på sølvplass. Nord Østerdal tok bronseplassen.

Vi gratulerer med NM-gull!




Fleire lokale topp-ti-plasseringar på NC fellesstart

Postet av Markane IL den 11. Mar 2023

ASKO Norgescup er i gang med fellesstart som første øving. Det vart fleire topp-ti-plasseringar til lokale løparar blant anna ein sjuandeplass til Linnea Melheim Espe (Foto Thomas Taule/Fjordingen)


Det vart ingen pallplassar for dei lokale i den første øvinga i norgescup/NM--helga på Ullsheim, men mange var med i tetkampen i sine klasser og kom inn til flotte topp-ti-plasseringar.

Linnea Melheim Espe (Markane/Stryn vgs) (på fotoet) gjekk inn til ein flott ein sjuandeplass og Eline Mathea Myren (Valldal/Stryn vgs) til ein åttandeplass i K19, Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Team Hugaas) fekk niandeplass i seniorklasse og  Ask Haughovd (Stårheim/Team Blåne) ein sjetteplass i M20–22.

Katrine Svarstad Heggdal (Markane/Stryn vgs) vart nummer ni i klasse K17 medan Elida Fuglem (Valldal/Stryn vgs) vart nummer ni i klasse K18. Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg/Team Woodcon) vart nummer 10 i klasse K20–22.

Gullfavoritt Maren Hjelmeset Kirkeeide stilte ikkje til start etter ordre frå trenaren. Ho er derimot klar til laurdagens miks-stafett. Ho skal delta på lag saman med broren Simon Hjelmeset Kirkeeide og vinnaren av seniorklassen John Olav Smørdal Botn.

Komplett resultatliste for fellesstarten finn du her: 

Resultatliste ASKO Norgescup fellesstart 10.03.2023




Resultatliste for ASKO norgescup fellesstart skiskyting 10.03.2023

Postet av Markane IL den 11. Mar 2023

Helga med ASKO Norgescup er i gang på Ullsheim. Her er samla resultatliste for fellestartøvingane fredag 10.mars.

Resultatliste ASKO Norgescup skiskyting fellesstart 10.03.2023.pdf



Informasjon om parkering og tilkomst til Ullsheim!

Postet av Markane IL den 8. Mar 2023

 







Parkering på Ullsheim under NM og NC er kr 50,- pr. dag, totalt kr 150,- for helga. Betales til VIPPS 107507.

For å få parkeringa til å flyte på konkurransedagene oppfordrar vi alle til å betale parkering for heile helga på treningsdagen.

Det  er ulike soner for parkeringa, sjå kart:

Ha kvittering på Vipps klar ved blått felt/ Vippssjekk.  

Utøvarar følgjer grøne piler til stadion.  Publikum følgjer gule piler.

 Tilkomst til anlegget :

Frå Stryn sentrum: I rundkøyringa ved Esso, følg skilt mot Nordfjordeid/ Måløy i ca 10 km.

Ta til høgre og følg skilt mot Ullsheim.

Frå Nordfjordeid / Hornindal: Køyr mot Stryn på RV 15, vidare innover i ca 6,2 km fra Kjøs bru.

Innkøyring til venstre på Isbakken.  Vi anbefaler einvegskøyring her frå og retur over Maurset til Sindre. 

Vi gjer merksam på at det ikkje er tvungen enveiskjøring

dvs. det kan vere møtande trafikk både til og frå Ullsheim.

 Kart - parkeringsinfo.pdf




Anbefalt einvegskøyring under ASKO Cup/NM junior/ungdom skiskyting 9.-12.mars

Postet av Markane IL den 5. Mar 2023

Helga 9.-12.mars er det NM junior/ ungdom og ASKO cup skiskyting på Ullsheim.

Anbefalt køyreretning: Isbakken - Maurset/Ullsheim - Sindre frå kl. 0700-1300 på

torsdag, fredag, laurdag og søndag sidan det er venta stor trafikk i denne perioden.

Vi oppmodar alle om å følgje dette!

Informasjon om ASKO-cup Markane finn du på denne sida: 

https://anviser.skiskyting.no/markane2023/