Ullsrennet 2004

Postet av Markane IL den 30. Des 2003

Laurdag 3. januar 2004 blir årets Ullsrenn arrangert på Ullsheim.

Årets renn vil bli som fjorårets med intervallstart for dei yngste og fellesstartar for dei som er 12 år og eldre. Rennet går i fristil med løypelengder 1,2,3,5 og 10 km.

Forholda er per 30/12 veldig bra på Ullsheim. Løypene har




Strynehalltreninga over for i år

Postet av Markane IL den 19. Des 2003

Torsdag 18. desember vart siste styrketrening i Strynehallen avvikla.

I løpet av hausten har vi hatt 13 treningar med nokså s




Skimerke 2003

Postet av Markane IL den 17. Des 2003

Siste sjanse til å ta skimerke: laurdag 20. desember 2003 på Ullsheim

Status etter arrangementet: Ingen møtte opp for å ta skimerke.




Skikveld på Ullsheim 24.10

Postet av Markane IL den 17. Okt 2003

Fredag 24.10 kl.17.30 og framover vil Sport1 (Aug.Ytre-Eide) halde skikveld på Ullsheim der kjente personar som Odd Martinsen (Fischer), Per Knut Aaland (Rode), Eirik Røste (tidl.landslagstrenar) samt ein frå Swix vise fram produkt og prate om trening og ski. Her kan det sikkert vere nokre tips å hente for nokon og einkvar.



Trening i Strynehallen

Postet av Markane IL den 23. Sep 2003

Skigruppa startar opp med treningar i Strynehallen kvar torsdag kl.20.00 - 21.30. Opplegget blir som tidlegare år, med variert aktivitet og tilpassa dei fleste aldrar og nivå. Er du over 11 år og under 100 år er det berre å møte opp. Treninga i haust vil bli leia av Henning Heimlid. Husk å ha innesko.



Sjå bilder frå Nordea-samling

Postet av Markane IL den 27. Aug 2003

Under skigruppa og i bildearkiv kan du sjå nokre bilder frå Nordea-samling som vart halden på Ullsheim 22.-24.8.



Rapport frå Nordea-samlinga på Ullsheim

Postet av Markane IL den 25. Aug 2003

Det vart ei vellykka Nordea-samling på Ullsheim i helga 22.-24.8 for ungdom mellom 12 og 15 år. Med 63 deltakarar var det nokså fullt på madrasser og rundt matbordet. Vi trur likevel dei fleste fekk nesten nok søvn og rikeleg med mat.

Her er nokre glimt ifrå samlinga:

 
 

 

Intervall trening med Odd-Bjørn. Her skal det hengast på..........

 

Vellykka Nordea-samling på Ullsheim.

Her er nokre bilder frå samlinga:

 Fleire bilder under bildegalleriet.




Ekstraordinært årsmøte

Postet av Markane IL den 14. Aug 2003

Styret i Markane IL minner om ekstraordinært årsmøte på Ullsheim torsdag 21.august kl.20.30. Sak: Skiskyttaranlegg - opptak av banklån.

 

 




Markane-siger i Von-cup

Postet av Markane IL den 13. Aug 2003

Endeleg gjekk Markane til topps i Von-cup! Etter storsigrar over Von og Heggjabygda på laurdag var det duka for finale mot Veten på søndag. Det vart ein jamn og tett kamp, der det stod 1-1 til det gjensto 10 min. Då fekk Markane 3 kjappe mål, og kunne ta "heim pokalen" etter 4-1 siger over Veten i finalen. Alle kampane gjekk på grusbana i Holmøyane i eit strålande sommarvèr.



Innbyding til Nordea samling 22.-24.aug

Postet av Markane IL den 14. Jul 2003

Markane IL og Nordea vil i år igjen innby til langrennssamling for aldersgruppa 12-15 år på Ullsheim. Odd-Bjørn Hjelmeset blir med oss som trenar i år òg! Nedanfor finn du innbyding til samlinga.

Stryn 14.07.03

Til skigruppene v/ leiar

Til utøvarar

 

 

VELKOMNE TIL NORDEA SKISAMLING 2003

 

Gode skivener!

 

Så er det igjen klart for den årlege skisamlinga på Ullsheim i Markane. I år vert dette eit samarbeid mellom Markane IL og Nordea, og sjølvsagt håpar vi at vi greier å fylle opp Ullsheim med spreke skiglade ungdomar frå ulike skigreiner.

Samlinga er open for jenter og gutar i alderen 12 – 15 år, dvs årsklassane 1991, 1990,1989 og  1988.

Tidsrommet for samlinga er frå fredag 22.august, til søndag 24.august, og det blir i alt 4 treningsøkter.

Hovudtrenarar for samlinga blir som tidlegare år Odd-Bjørn Hjelmeset, og forhåpentlegvis vil han og dei andre trenarane gjere sitt til at de alle får eit godt utbyte av desse treningsdagane!

 

Planen for samlinga er som følgjer:

 

Frammøte:             Fredag 22.august klokka 17.00-17.45, på Ullsheim.

                                Avslutning blir ca klokka 14.00 søndag 24.august.

 

Mat:                       Alle måltid er inkluderte (middag fredag & laurdag + frukost og lunsj laurdag & søndag)

Hugs nistepakke fredag som de kan ete i bra tid før treningsøkta!

Det vert også open kiosk på Ullsheim.

 

Overnatting:        Flatseng på Ullsheim – ta med sovepose, madrasser har arrangøren

 

Trening:                Fredag 22.aug:    1) Treningstur på spreke bein – start klokka 18.15.

                                                         Avslutning med stafettar, styrke og spenst

         Etter middagen vil Odd-Bjørn organisere litt konkurransar og      andre lure ting.

Laurdag 24.aug:          1) Alle: Intervalltrening og myrfotball   - HARD ØKT

                                                                      2) 12 – 13 år: Bassengaktivitet i Stryn Symjehall

14 – 15 år: Rulleski / evt rulleskøyter for dei som ikkje har rulleski

                                                                             

Søndag 19.aug:   1) Alle: Langtur / fjelltur

Felles avslutning med uhøgtidlege småstafettar / konkurransar

 

Utstyr:               Rulleski, skisko + stavar og ekstra piggar / evt rulleskøyter (14 – 15 år),

                            Treningsklede for alt slags ver,  inkl badetøy

                            Joggesko (ta gjerne med eit ekstra par dersom du har det), drikkebelte

 

Pris:                  Overnatting med mat kostar kr 350.- 

 

Påmelding:      Pga. overnatting og matservering har vi sett ei deltakargrense på 50 stk – ver tidleg ute med påmelding!

                              

                                Påmeldingsfristen er tysdag 19.august, til Jan Egil Gjørven

                                Adresse: 6783 STRYN

                                Telefon: priv 57872227, mob 41516381, e-post:

 

Nokre av dei aktuelle utøvarane har fått personleg invitasjon, men det er langt frå sikkert at vi har nådd ut til alle.

Vi oppfordrar difor dei ansvarlege i skigruppene rundt om i laga til å informere sine aktuelle løparar om samlinga, og samstundes oppfordre så mange som mogleg til å vere med! Vi er klare til å ta imot dåkke!!!!

Sjekk og vår internettside:  http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?id=25802

 

Beste skihelsing frå

Markane IL og Nordea

 

Markane IL og Nordea vil i år igjen innby til langrennssamling for aldersgruppa 12-15 år på Ullsheim. Odd-Bjørn Hjelmeset blir med oss som trenar i år òg! Nedanfor finn du innbyding til samlinga.

 

 




Noen tips før du begynner å bruke KlubbenOnline!

Postet av Markane IL den 27. Mai 2003

Gratulerer med deres KlubbenOnline abonnement. Ta en titt her for ytterligere informasjon og tips for hvordan du best setter igang. Noen tips før du begynner å bruke KlubbenOnline:

Legg info i KlubbenOnline!
Gjøres fra Verktøykassa - Logg på.

Gjør KlubbenOnline attraktiv!
Legg ut nyheter jevnlig - skaff en ansvarlig for dette.
Legg ut treningsover



Velkomen til heimesida til Markane IL

Postet av Markane IL den 27. Mai 2003

No er Markane IL på nett, og vil vil prøve å legge opp sida om kort tid. Dersom medlemmar har bilder som har med aktiviteten i Markane IL å gjere er vi takknemlege for det. Bilder kan sendast på e-post til iras@stryn.online.no.



Nordea-samling

Postet av Markane IL den 27. Mai 2003

I år som tidlegare år vil det bli Nordea-samling på Ullsheim med Odd-Bjørn Hjelmeset som hovedinstruktør. Sannsynlegvis vil samlinga gå i slutten av august og vere for langrennsløparar i alderen 12-15 år. Her kjem meir info. om samlinga så snart datoen er fastlagt.



Fotball på Sindre

Postet av Markane IL den 27. Mai 2003

Kvar måndag framover sommaren er det fotball på skytebana på Sindre kl.19.30. Ingen krav til ferdigheiter! For dei fleste aldrar!

Skal vi satse på å gjenta suksessen i Von-cup frå fjoråret må det trenast litt.....!

 

 

 

Fotball på Sindre kvar måndag