Innbyding til Nordea samling 22.-24.aug
Postet av Markane IL den 14. Jul 2003
Markane IL og Nordea vil i år igjen innby til langrennssamling for aldersgruppa 12-15 år på Ullsheim. Odd-Bjørn Hjelmeset blir med oss som trenar i år òg! Nedanfor finn du innbyding til samlinga.
Stryn 14.07.03
Til skigruppene v/ leiar
Til utøvarar
VELKOMNE TIL NORDEA SKISAMLING 2003
Gode skivener!
Så er det igjen klart for den årlege skisamlinga på Ullsheim i Markane. I år vert dette eit samarbeid mellom Markane IL og Nordea, og sjølvsagt håpar vi at vi greier å fylle opp Ullsheim med spreke skiglade ungdomar frå ulike skigreiner.
Samlinga er open for jenter og gutar i alderen 12 – 15 år, dvs årsklassane 1991, 1990,1989 og 1988.
Tidsrommet for samlinga er frå fredag 22.august, til søndag 24.august, og det blir i alt 4 treningsøkter.
Hovudtrenarar for samlinga blir som tidlegare år Odd-Bjørn Hjelmeset, og forhåpentlegvis vil han og dei andre trenarane gjere sitt til at de alle får eit godt utbyte av desse treningsdagane!
Planen for samlinga er som følgjer:
Frammøte: Fredag 22.august klokka 17.00-17.45, på Ullsheim.
Avslutning blir ca klokka 14.00 søndag 24.august.
Mat: Alle måltid er inkluderte (middag fredag & laurdag + frukost og lunsj laurdag & søndag)
Hugs nistepakke fredag som de kan ete i bra tid før treningsøkta!
Det vert også open kiosk på Ullsheim.
Overnatting: Flatseng på Ullsheim – ta med sovepose, madrasser har arrangøren
Trening: Fredag 22.aug: 1) Treningstur på spreke bein – start klokka 18.15.
Avslutning med stafettar, styrke og spenst
Etter middagen vil Odd-Bjørn organisere litt konkurransar og andre lure ting.
Laurdag 24.aug: 1) Alle: Intervalltrening og myrfotball - HARD ØKT
2) 12 – 13 år: Bassengaktivitet i Stryn Symjehall
14 – 15 år: Rulleski / evt rulleskøyter for dei som ikkje har rulleski
Søndag 19.aug: 1) Alle: Langtur / fjelltur
Felles avslutning med uhøgtidlege småstafettar / konkurransar
Utstyr: Rulleski, skisko + stavar og ekstra piggar / evt rulleskøyter (14 – 15 år),
Treningsklede for alt slags ver, inkl badetøy
Joggesko (ta gjerne med eit ekstra par dersom du har det), drikkebelte
Pris: Overnatting med mat kostar kr 350.-
Påmelding: Pga. overnatting og matservering har vi sett ei deltakargrense på 50 stk – ver tidleg ute med påmelding!
Påmeldingsfristen er tysdag 19.august, til Jan Egil Gjørven
Adresse: 6783 STRYN
Telefon: priv 57872227, mob 41516381, e-post:
Nokre av dei aktuelle utøvarane har fått personleg invitasjon, men det er langt frå sikkert at vi har nådd ut til alle.
Vi oppfordrar difor dei ansvarlege i skigruppene rundt om i laga til å informere sine aktuelle løparar om samlinga, og samstundes oppfordre så mange som mogleg til å vere med! Vi er klare til å ta imot dåkke!!!!
Sjekk og vår internettside: http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?id=25802
Beste skihelsing frå
Markane IL og Nordea
Markane IL og Nordea vil i år igjen innby til langrennssamling for aldersgruppa 12-15 år på Ullsheim. Odd-Bjørn Hjelmeset blir med oss som trenar i år òg! Nedanfor finn du innbyding til samlinga.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Startliste for Ullsrennet sprint 05.01.2025
04.01.2025
Resultatliste for SSF cup Ullsrennet 2025
04.01.2025
Startliste til Ullsrennet 2025
04.01.2025
Løypekart 2025 og lenke til webkamera
03.01.2025