NM-gull til Tarjei Bø på fellesstarten

Postet av Markane IL den 18. Sep 2023


Verken Johannes eller  Tarjei låg heilt i teten før første skyting, der begge fekk seg ein strafferunde. Men på dei neste to skytingane vart det feilfritt for Johannes, og ut frå tredje skyting var han rett ibak leiaren Sturla Holm Lægreid. Tarjei låg etter tredje skyting på 7. plass, ca. 45 sekund bak, etter å ha vore ut  i ein strafferunde på kvar av dei første tre seriane.

Men på siste skyting vart det skifte i teten Etter feilfritt på dei første tre seriane vart det heile tre strafferundar på Lægreid. Også Johannes måtte ut i to strafferundar, og gjekk ut på ein tredjeplass. Med feilfritt på dei siste fem skota var det Tarjei som overtok førsteplassen, nokre få sekund føre Harald Øygard frå Skrautvål IL.

Sistnemnde  vart innhenta av Johannes, og eit stykke ut på den siste runden låg det an til dobbelt Bø. Men Vebjørn Sørum frå Søndre Ål hadde ein god dag på rulleskia. Han henta inn Johannes si leiing på kring ti sekund, og inn til mål gjekk han ifrå med ytterlegare tre sekund. Han var fire sekund bak norgesmeister Tarjei. Men gull og bronse til Bø og Markane!

Også Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk eit nytt godt løp - spesielt i løypa. På skytinga enda det med  totalt seks strafferundar, men farten var god og førte han til ein flott 14. plass.


Vi gratulerer!





Gull til Maren og Johannes i NM rulleskiskyting!

Postet av Markane IL den 17. Sep 2023

Det vart to gullmedaljar til Markane-løparar under sprinten i NM rulleskiskyting. i Kristiansand. Maren Hjelmeset Kirkeeide vann sprinten i klasse K20–22 og Johannes Thingnes Bø sikra seg NM-gull i menn senior.

 FOTO: SVEIN HALVOR MOE


Maren er framleis juniorløpar. sjølv om ho er på landslaget. På laurdagens NM-sprint deltok ho saman med dei jamgamle jentene i K20-22, og det resulterte i ein klar siger  Med feilfri skyting og god fart i løypa vann med Maren klassa med 1 minutt og 18 sekund. Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim frå Hardbagg IL  vart nummer fire i same klassat.  Ho skaut ein bom og var berre 1,7 sekund unna bronsemedaljen.

Johannes Thingnes Bø  tok eit nytt NM-gull i seniorklassa. Han skaut to feilfrie seriar og tok sigeren seks sekund føre Endre Strømsheim frå Bærums Skiklub. Her kom Johannes Dale-Skjevdal på tredjeplass

Tarjei Bø måtte ut i ein strafferunde og vart nummer ti. Han var vel minuttet bak Johannes.

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk også eit godt løp og vart nummer 16 etter ein bom på kvar av skytingane. 

Vi gratulerer!