VM-sølv til Noreg i stafetten.
Postet av Markane IL den 19. Feb 2023
Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø gjekk på det norske stafettlaget som sikra seg VM-sølv under vanskelege vêrtilhøve i Oberhof.
Det vart mykje vind og vanskeleg skyteforhold på VM-stafetten i Oberhof. Det norske laget som var storfavorittar før start enda opp med å sikre seg sølvmedalje.
Alt etter første etappe låg Norge eitt minutt bak teten, då Vetle Sjåstad Christiansen trengde mange ekstraskot for å få ned blinkane i vindkasta.
Tarjei Bø skaut fullt hus på første skyting, men nokre skikkelege vindkast sende han ein tur i strafferunden etter ståande skyting.
Då Sturla Holm Lægreid tok til på sin etappe var avstanden opp til teten eitt minutt og ti sekund, og Norge låg på ein 5. plass.
Etter flott liggjande skyting gjekk Lægreid ut på tredjeplass, 59,8 sekund bak Frankrike og Tsjekkia. Og då franskmennene måtte ut i strafferunden etter ståande skyting var det plutseleg håp om avansement. Mrn også Lægreid fekk strafferunde, og ein var like langt.
Johannes Thingnes Bø starta på sin siste etappe med nesten 50 sekund å ta att på teten.
Johannes måtte ta i bruk alle ekstraskota på liggjande, og då hjelpte det ikkje at han gjekk raskt i løypa. Heller ikkje perfekt siste serie kunne hindre fransk gull.
Dermed vart det sølv til det norske laget, 38,9 sekund bak Frankrike. Sverige tok bronsen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024