VM-bronse på fellesstarten til Johannes!
Postet av Markane IL den 19. Feb 2023
Det vart bronse til Johannes Thingnes Bø på fellesstarten. Dermed vart det medalje i alle løpa i VM. Tarjei avslutta VM med ein niande plass.
Både Johannes og Tarjei måtte ein tur i strafferunden etter første skyting, og opp til tetgruppa var det ca. 20 sekund.
Johannes tok inn heile forspranget inn til andre skyting, men nok ein gong måtte både Johannes og Tarjei ut i strafferunden.
Dermed vart det å prøve og hente inn teten på nytt. Johannes fekk nok ein gong kontakt med teten. Og etter feilfri tredje skyting var han plutseleg først i løypa, 9,8 sekund føre svenske Sebastian Samuelsson. Også Tarjei Bø skaut fullt på tredje skyting.
På siste skyting vart det bom på det siste skotet for Johannes, og han måtte ut i strafferunden. Samstundes skaut dei to svenskane Sebastian Samuelsson og Martin Ponsiluoma feilfritt. Svenskane heldt unna på siste runden og sikra dobbeltsiger. Johannes gjekk inn til bronse. Han sikra seg dermed medalje i alle renn i VM i Oberhof: Fem gull, ein sølv og ein bronse. Berre Marte Olsbu Røiseland har greidd medaljar i alle VM-løp tidlegare.
Tarjei Bø vart nummer 9, etter to strafferundar på siste skyting. Dermed vart det topp-ti plassering i alle løp og ikkje minst fekk med seg to sølvmedaljar frå VM
Vi gratulerer med storvegs innsats under årets VM i skiskyting!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024