VM-sølv til Johannes Thingnes Bø på sprinten!
Postet av Markane IL den 10. Feb 2024
Johannes Thingnes Bø sikra seg sølvmedalje på 10 km sprint i Nove Mesto. Gullet gjekk til Sturla Holm Lægreid som med ein rask sisterunde kom seg i mål med 3,5 sekund betre tid enn Johannes. Tarjei Bø hadde stor fart i sporet og gjekk inn til ein flott sjetteplass sjølv om det vart to strafferundar.
Johannes Thingnes Bø såg lenge an til å ta nok eit VM- gull, men frå høgt startnummer kom Sturla Holm Lægreid i kanonform. Han klarte å kome seg i mål 3,5 sekund føre Johannes og skubba dermed Johannes ned til sølvplass. Pallen vart heilnorsk på Vetle Sjåstad Christensen sikra bronsen. Både Johannes og Vetle skaut på seg ein strafferunde medan Sturla skaut to feilfrie skytingar.
Tarjei Bø var på sin sjetteplass 37,5 sekund etter vinnaren og har eit godt utgangspunkt til morgondagens jaktstart
Foto: NTB
Vi gratulerer!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024