4.plass til Sogn og Fjordane i NM-stafett jr.
Postet av Markane IL den 29. Jan 2017
Aksel Mathias Meland, Vegard Skrede, Simon Hjelmeset Kirkeeide og John-Olav Smørdal Botn tok fjerdeplass i stafett klasse M17/1/. Foto: Nordfjord Team
I kvinneklassa var det laget i 17/18 års klassa som fekk den beste plasseringa. Dei vart nr 13. Vinnarar vart Hordaland lag 1. Dei var 8.40,7 min. før laget til Sogn og Fjordane. Hordaland hadde berre to strafferunder mot Sogn og Fjordane sine sju. På laget til Sogn og Fjordane gjekk Sigrid Flo Bødal, Kari Alsaker og Inger Ringdal Sæter.
I klasse menn 17/21 år vart førstelaget til Sogn og Fjordane nr 22. Vinnar her vart Oslo og Akershus lag 3. Sogn og Fjordane var 11.33,7 minutt etter. På laget gjekk Isak Hopland ,Erlend Bakken, Grim Nygård og Odd Sindre Tonning. Dei klarte seg utan strafferundar.
Sogn og Fjordane lag 2 i M17/21 vart nr 25. Her gjekk Håkon Midthjell Gjørven, Andreas Halsteinslid, Lars Erik Telset og Georg Hallsteinslid. Dei hadde totalt ein strafferunde.
I klassa kvinner 17/21 vart Sogn og Fjordane nr 15. Her vann Hordaland lag 1. Dei hadde ingen strafferunder. Sogn og Fjordane var 13.14,2 minutt etter med sju strafferundar. På laget gjekk Ingrid Gausemel, Elise Skeide Bakke og Anne Marie Roset.
Komplett resultatliste:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024