Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik med dobbeltsiger i Norgescupen
Postet av Markane IL den 9. Jan 2022
Det vart dobbelt Markane til topps på pallen då duoen Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik tok første- og andreplass i 19-årsklassen under sprinten i Norgescup skiskyting i Karidalen i Østre Toten.
Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL/Stryn vgs. skaut fullt hus på liggande skyting og med berre ein bom på ståande, vann ho 23 sekund føre Emilie Flo Stavik som fekk ein bom på liggande og ein på ståande. Dermed vart det dobbelt Markane i 19-årsklassa.
Hedda Garlid Hilde har vore ute med skade i nesten eitt år, men gjekk inn til ein solid 25. plass med berre eitt bomskot.
Også Ann Kristin Aaland frå Hardbagg/Stryn vgs kom på pallen. Ho gjekk inn til tredjeplassen i 18-årsklassen med ein runde på siste skyting.
På grunn av strenge koronarestriksjonar er norgescupen delt opp i fleire renn etter årsklasse. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer ni på fellesstarten for M20-22 i Norgescup skiskyting i Os i Østerdalen.
Fleire foto frå Norgescuphelga. Alle foto: Nordfjord Team Stryn Energi
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024