Skikurs for alle nivå
Postet av Markane IL den 19. Jan 2024
Gym Stryn arrangerer i samarbeid med Markane Idrettslag to kveldar på Ullsheim der du kan få tips frå landslagstrenar Sjur Ole Svarstad til korleis du kan gå betre på ski. Du vel sjølv om du går klassisk eller skøyting. Han hjelper deg til betre teknikk, lettare motbakkar og større treningsutbytte.
For:
Vaksne nybegynnarar, mosjonistar, supermosjonistar. Sjur Ole kan jobbe med nivå frå nybegynnar til eliteutøvar, så er du ein plass i dette spekteret så må du møte opp
Vaksne nybegynnarar, mosjonistar, supermosjonistar. Sjur Ole kan jobbe med nivå frå nybegynnar til eliteutøvar, så er du ein plass i dette spekteret så må du møte opp
Tid og stad: Tysdag 23/1 og tysdag 20/2. Begge dagar kl 18:30-19:45. Du treng ikkje delta på begge dagar, bli med på det du ønskjer!
Opplegget er heilt gratis!
Påmelding på sms til Ann Kristin Grodås, 46331481, seinast eit par timar før start
Og du, om du har skiinteresserte barn, så kan det nemnast at Markane IL også har skileik for barn på Ullsheim på same tidspunkt - så ta med heile familien på ski desse dagane!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024
Kategori
Arkiv
September 2024 (1)
August 2024 (1)
Juni 2024 (2)
Mai 2024 (1)
April 2024 (2)
Mars 2024 (5)
Februar 2024 (20)
Januar 2024 (16)
2023 (26)
2022 (43)
2021 (21)
2020 (51)
2019 (60)
2018 (64)
2017 (93)
2016 (195)
2015 (214)
2014 (264)
2013 (266)
2012 (231)
2011 (201)
2010 (57)
2009 (59)
2008 (70)
2007 (60)
2006 (51)
2005 (68)
2004 (33)
2003 (14)