Nytt EM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Lagt ut av Markane IL den 27. Jan 2024

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg eit nytt EM-gull då ho vann jaktstarten i Osrblie!

Foto: Skjermdump frå IBU

Etter sølvet på sprinten fredag gjekk Hjelmeset Kirkeeide ut på andreplass på jaktstarten med 14 sekunds differanse opp til Ida Lien.

Etter dei to første skyting avr Ida Lien framleis i leiing, men så fekk ho kom bomskota på ståande.

Maren fekk ein bom på første liggande skyting, og sjølv med fem treff på andre liggjande skyting så var avstanden opp til leiaren på om lag eit minutt.

På første ståande skyting kom det to bom for Ida Lien, medan Hjelmeset Kirkeeide nok ein gong skaut fullt. Dei to gjekk dermed ut samstundes etter tredje skyting frå stadion, og det låg an til at alt skulle avgjerast på siste skyting.

Maren kom først inn på standplass til siste skyting. OGså på denne ståande skytinga vart det to rundar for p Lien  medan Maren fekk ein runde. Bakfrå kom også Emilie Kalkenberg og ut på sisterunden hadde Maren ei leiing på 7,1 sekund ned til Kalkenberg. Maren klarte å halde unna heilt til mål og sikra seg sin andre gullmedalje i EM. Oceane Michelon frå Frankrike tok bronsen.

Søndag er det blanda stafett i slovakiske Osrblie.

I løpet av EM-dagane har Maren også avansert på samanlagtlista i IBU Cupen. Ho er no nummer tre med 536 poeng. 

Vi gratulerer med nok eit EM-gull!


Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.