2.plass i Norgescupen til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
Postet av Markane IL den 4. Feb 2024
Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til andreplass på sprinten i klasse menn senior under Norgscupen på Oppdal.
Med god fart i sporet og berre ein runde på standplass kom han i mål 16 sekund bak etter vinnaren Sverre Dahlen Aspenes frå Skatval som hadde to rundar. Sindre Fjellheim Jorde tok tredjeplassen, ti sekund bak.
Aksel Mathias Meland gjekk inn til 25. plass i same klasse etter at han måtte ut i tre strafferundar på den ståande serien.
For dei yngre klassane er det også NM denne helga. Mari Sofi Meland vart nummer 11 i klasse K19. Ho skaut fem bom og var 3'16 bak vinnaren. Elida Fuglem frå Valldal IL/Stryn vgs tok ein fin 9. plass i denne klassen medan Elina Østerbø som representerer Markane vart nummer 17.
I klasse K18 kom Katrine Svarstad Heggdal på ein 20.plass etter ein dårleg dag på standplass.
Foto: Nordfjord Team
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Opning av Ullsheim Frisbeegolf Stryn
25.06.2024
![Resultat frå Postvegløpet 2024](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1397/2024/6/5/postvegl-pet-2024.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Resultat frå Postvegløpet 2024
05.06.2024
![Innbyding til Postvegløpet 2024!](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1397/2024/5/20/postvegl-pet-2024.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Innbyding til Postvegløpet 2024!
20.05.2024
![Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1397/2024/4/5/1712338705349.png?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024