VM-sølv på blanda stafett!

Lagt ut av Markane IL den 10. Feb 2024

Det vart VM-sølv til det norske laget i blanda stafett i Nove Mesto. På laget gjekk Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø saman med Karoline Knotten og Ingrid Landmark Tandrevold.

Det var Tarjei som gjekk startetappen for Noreg. På første skyting vart det fullt hus, men to ekstraskot på ståande gjorde at Tarjei gjekk ut på sisterunden 24,7 sekund bak Tyskland og 20 sekund bak Frakrike. Inn til veksling tok Tarjei litt innpå, og Johannes Thingnes Bø gjekk ut på andre etappe 16,7 sekund bak teten.

Johannes tok inn halve forspranget inn til liggande, men med eitt ekstraskot var avstanden opp til Tyskland auka til 22,7 sekund. På ståande skyting klarte Johannes akkurat å halde seg unna strafferunden, men han måtte bruke alle tre ekstraskota. Det tyske og franske laget sleit også i regnveret, og ved veksling ut på tredje etappe var Norge 28,8 sekund bak teten.

På tredje etappe imponerte Karoline Knotten med to feilfrie skytingar. Dermed var det norske laget med i  kampen om sigeren, og ved veksling var Norge berre åtte sekund bak Frankrike. Bakfrå hadde også svenskane meldt seg på i kampen om medalje.

Verdscupleiar Ingrid Landmark Tandrevold gjekk siste etappe for Noreg. Ho brukte eitt ekstraskot på kvar av dei to skytingane. Franske Julia Simon var det ikkje noko å gjere med. Ho heldt klart unna i teten. I mål var Tandrevold 46,8 sekund bak den franske løparen. Sverige sikra seg akkurat bronsen etter at Sveits var nære på å ta innersvingen på Elvira Öberg på oppløpet.

Vi gratulerer med VM-sølv!


Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.