NM-sølv til Sogn og Fjordane

Postet av Markane IL den 2. Feb 2025

Det vart NM-sølv på stafett til laget frå Sogn og Fjordane i klasse K17–22 søndag. På laget gjekk to løparar frå Markane IL, Emilie Flo Stavik og Linnea Melheim Espe, og Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL

Også fleire andre lokale løparar sikra seg gode resultat under NM--helga i Karidalen.


Trioen Ann Kristin Aaland, Linnea Melheim Espe og Emilie Flo Stavik  låg i tet gjennom heile stafetten etter strålande etappar av alle tre. Eitt bomskot på siste skyting gjorde at Telemark og Vestfold 1 kunne gå ut på sisterunden med vel 15 sekunds leiing, men Emilie Flo Stavik sette opp ein forrykande fart og tok kraftig innpå. Forspranget var nesten halvert då målstreken nærma seg, men det vart akkurat for langt opp til førsteplassen. Dermed vart det ein flott sølvmedalje til laget frå Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane sitt 2.-lag gjorde det også godt, med dei tre markaneløparane Mari Sofi Meland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Elina Østerbø på laget. Dei gjekk inn til 8. plass, etter gode etappar og sterk skyting. Alle dei seks på K17–22-laga er tidlegare elevar ved landslinja ved Stryn vidaregåande skule.

I klasse K17-19 gjekk Kathrine Svarstad Heggdal frå Markane IL saman med  Ronja Haughovd Stårheim IL og Johanne Normann Hellevang frå Hardbagg IL på Sogn og Fjordane lag 1. Dei gjekk inn til 17. plass etter solide etappar og mykje god skyting. På vinnarlaget til Hordaland i denne klassen gjekk  Symra Emilia Garverhaugen som går på landlinja på Stryn vgs.

NM junior og senior ASKO cup fellesstart fredag 31.01

Skiskyttarhelga i Karidalen starta alt på fredag og fleire lokale løparar levert god innsats i norgescup- og NM-løp i Karidalen. Fredag var det fellesstart for seniorklassene og der kom Simon Hjelmeset Kirkeeide rett bak pallen då han gjekk inn til ein 5.plass.Han skaut feilfritt på begge dei liggande skytingane, medan han måtte ein tur i strafferunden på begge dei ståande skytingane.Etter siste skyting låg  han18 sekund bak pallplas. På sisterunden gjekk det unna, og i mål gjekk inn til femteplass, berre 4,2 sekund bak tredjeplassen. Aksel Mathias Meland (Markane/Team Intersport) vart nummer 19.

Det er også NM for junior og ungdom i fellesstart Karidalen. I klasse K20–22 vart Ann Kristin Aaland (Hardbagg) beste lokale løpar med 9. plass. Aaland fekk totalt tre strafferundar og var eit halvt minutt frå pallen. Helene Sæter (Fet SK/Team Romerike) vann sprinten. Mari Sofi Meland (Markane/Team Intersport) vart nummer 24, Emilie Flo Stavik (Markane/Team 1,5) nummer 26, Elina Østerbø (Markane/Team X) nummer 30 og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Team X) nummer 32.

NM junior og ASKO cup sprint laurdag 01.02

I NM i skiskyting for junior i Karidalen på Toten gjekk Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL laurdag inn til ein sterk 5. plass i K20-22 på sprinten. Hardbagg-løparen skaut godt og gjekk inn vel 22 sekund frå pallen med berre ei strafferunde. I denne klassen gjekk også Emilie Flo Stavik, Markane/Team 1,5, seg inn på 10.plass med totalt tre strafferundar. 

Dei andre deltakarane frå Markane IL plasserte seg slik: 

Mari Sofi Meland, Markane/Team Intersport vart nr. 20, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team X nr. 23, Linnea Melheim Espe, Markane/Team Intersport nr. 25,hare Elina Østerbø, Markane/Team X nr. 29 og Frøya Haughovd, Stårheim/Stryn vgs n. 47. Norgesmeister vart Guro Ytterhus, Rennebu IL / Team 1,5.

På norgescup-sprint på Toten låg Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team Hugaas med rask fart i sporet og fullt hus på liggande lenge an til pallen i M senior. Men to strafferunder på ståande straffa seg bokstavleg talt, og han gjekk inn til 6. plass.

På laurdag var det også NM i fellesstart for ungdomsklassane. Her vart det 10.plass til Katrine Svarstad Heggdal, Markane/Stryn vgs (3+0+3+1) i K19. NM-gullet gjekk til Bjørg Marit Eide, Hålandsdal IL / NTG-Geilo.

Vi gratulerer med resultata!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.