Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra andreplass til Noreg i stafetten.

Postet av Markane IL den 9. Mar 2025


Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk ankeretappen og sikra Noreg ein flott andreplass i verdscupstafetten i Nove Mesto. Frankrike gjekk av med sigeren.


Det starta noko tungt for Noreg då Karoline Knottenmåtte bruke fem ekstraskot på sine to seriar. Ved første veksling låg Noreg på 8.plass. Ingrid Tandrevold klarte seg med eit ekstraskot på kvar serie og veksla på ein fjerdeplass.. Ragnhild Femsteinevik  gjekk tredje etappe og klarte seg også fint, med eitt ekstraskot på kvar av seriane. Noreg var dermed oppe på andreplass og det var opp til Maren å sikre pallplassen heilt i mål.

Maren starta flott på liggjande skyting med fullt hus. På den ståande skytinga vart det to ekstraskot. Ho heldt likevel avstanden bak til Tyskland på tredjeplass. Frankrike sikra seg nok ein stafettsiger 25 sekund føre Noreg. Medan Maren gjekk inn til andreplassen med ein 22 sekunds margin ned til Tyskland på bronseplassen. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.