Innbyding til Ullsrennet friteknikk og sprint 3. og 4.januar 2026

Postet av Markane IL den 30. Des 2025

Laurdag 3.januar er det klart for det tradisjonelle Ullsrennet. Rennet går i fri teknikk. På søndag 4.januar skal det vere sprint i fri teknikk. Påmelding innan torsdag 1.januar kl.2359 på arrangementet på iSonen  https://isonen.no/event/cmirau335009kel014od6u6qd/


Meir info: 

Laurdag 3.januar er det klart for det tradisjonelle Ullsrennet i fri teknikk. Dei yngste (til og med 10 år)  går 1 km i fri teknikk. Informasjon om klassar og distansar finn du på arrangementet i iSonen

Rennstart kl. 1200

Laurdag 4.januar er det klart for sprint i fri teknikk for klassene frå 11 år og oppover. Alle går vidare til konkurransar i heat uavhengig av plassering i prologen.

For dei yngste klassane (til og med 10 år) vert det vanleg langrenn i fri teknikk.

Start kl. 1200

Kafeen vert open så alle kan kome inn for ein matbit og få varme i kroppen etter ein tur i løypa, både deltakarar og tilskodarar!

Vi er sjølvsagt avhengige av snø for å få i hamn arrangementa, men pr i dag (30.12) ser det lovande ut.

Velkomne til Ullsheim!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.