Maren Hjelmeset Kirkeeide med OL-bronse på stafetten!
Postet av Markane IL den 18. Feb 2026

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok saman med Marthe Kråkstad Johansen, Juni Arnekleiv, og Karoline Offigstad Knotten OL-bronse på stafetten i skiskyting.! (Foto: Skjermdump frå NRK)
Trass i ein strafferunde på første etappe var Frankrike ganske så suverene og umogelege å gjere noko med, men Norge gav Sverige kamp om sølvmedaljen. Det vart til slutt eit par ekstraskot for mykje til at ankerkvinne Maren Hjelmeset Kirkeeide kunne ta igjen Hanna Öberg på sisterunden. Men medalje vart det likefullt med ein flott bronse til det norske laget.
Dermed har Maren ein medalje av kvar valør så langt i meisterskapen. Laurdag er det klart for den siste øvinga for skiskyttarkvinnene. Då er det klart for fellesstart.
Vi gratulerer med OL-bronse!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Alle Med Familiedag på Ullsheim
18.02.2026