Sesongsstart cupen 2014:
Postet av Markane IL den 20. Jan 2014
Klart for cuprenn 1/lagsmeisterskap i fri teknikk tysdag 21. januar!
Cuprennsesongen startar tysdag 21. januar. Det første rennet vert i fri teknikk og er også lagsmeisterskap i stilarten for klassane frå 11 år og oppover.
Oversikt over renndatoar, løypelengder, funksjonærar m.m. er lagt ut her.
Påmelding frå kl. 1750.
Første start ca. 1830
Startkontingent kr 50 for alle klasser.
Løypelengder:
8 år og yngre: 800 m, enkelstart, ingen tidtaking
9 - 10 år: 1.5 km - fellesstart, tidtaking (urangert liste)
11-12 år: 1.5 km -fellesstart, tidtaking
13-14 år: 2.5 km - fellesstart, tidtaking
15 år og eldre: 5 km - fellesstart, tidtaking
Også høve til å delta i trimklasse utan tidtaking.
Parkeringsavgift kr 50.
(OBS! Parkering er inkludert for dei som har familiemedlemskap eller enkeltmedlemskap for vaksen i Markane IL eller Skiturlaget. Derimot er ikkje parkering inkludert for dei som berre har barnemedlemskap.)
Saft og anna godt til løparane etterkvart som dei kjem i mål!!
Velkomne!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024