Minner om:
Postet av Markane IL den 14. jul 2013
Turorientering 2013

Vi minner alle om vårt turorienteringstilbod, og håper fleire vil nytte ferien til å teste ut turorientering. Turorientering er eit flott tilbod til alle som likar turar i skog og mark, og alle kan delta enten ein orienterar åleine eller saman med vener og familie. Turorientering gjev også eit godt høve til å lære seg å bruke kart og kompass.
Årets tur-o konvoluttar er i salg hjå: Sport1 Ytreeide, G-sport Stryn, Esso Stryn bensinstasjon og Statoil Langeset.
Deltakarkonvolutten inneheld kart over postane. Det er i år eit kart for Tverrfjellet og eit kart i Ullsheimområdet. Der er også 2 klippekort-eit for nybyrjarar og eit for dei meir erfarne. Det er høve til å hjå ekstra kart og klippekort ved behov. Pris ekstra klippekort kr. 10,-. Pris ekstra kart kr. 20,- Det er poeng for kvar post og høve til å oppnå bronse, sølv- og gullmerker etterkvart som det vert samla nok poeng. Vi ønskjer alle god orienteringstur!
Prisen på ein deltakarkonvolutt er kr 120,-.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026