Cupen 2011:
Postet av Markane IL den 3. nov 2011
Samanlagtresultata for cuprenna 2011.
Frå startfeltet i cuprenn 1 sesongen 2010/2011. Foto: Margunn Hjelmeset
Under premiefesten 28. oktober vart det delt ut mange premiar til store og små skiløparar i laget. Alle under 15 år som deltok på eit eller fleire cuprenn fekk premie. I tillegg fekk 1/3 av deltakarane over 15 år premie for innsatsen. Samanlagtlista for cuprenna 2010/2011 er lagt ut her.
Samanlagtresultata er rekna ut etter same system som blant anna Nordfjordkarusellen nyttar. Plasseringa i kvart enkelt renn vert sett til å vere poengsummen i rennet. Det vil seie ein første plass gjev eitt poeng medan ein femteplass gjev fem poeng osv. Dermed er det om å gjere og få så låg sum som mogleg til slutt. I tillegg vert lista bestemt av kor mange løp ein har deltek på. I år var alle fire løpa teljande. Løparar med fire deltakingar vert rangerte føre deltakarar med tre løp og vidare nedover.
I årets dameklasse stilte tre løparar opp. Vinnar samanlagt vart Janne Alsaker. I herreklassen var der 18 deltakarar. Dermed blei det delt ut seks premiar her. Årets samanlagtvinnar vart Roar Alsaker. På dei neste plassane følgde: Lars Midthjell Gjørven, Eirik Bøe, Sigbjørn Fænn, Gunnar Harstad og Johannes Thingnes Bø.
Foto frå årets premiefest vert lagt ut snart...
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026