Orienteringsløp
Postet av Markane IL den 7. Jun 2011
Orienteringshelg i Førde 18.-19.juni.
Helga 18.-19.juni er det klart for nye KM-løp i orientering i Førde.
Det startar laurdag med KM-stafett (Førdebodstikka). Starten går kl.14.00. Søndag 19.juni er det klart for KM-langdistanse (Sunnfjordorienteringa). Starten her er frå kl.12.00 og utover. Begge dagar vert startområdet ved nordenden av Langelandsvatnet.
Påmelding må gjerast til Torodd Os på epost torodd.os@enivest.net seinast 15.juni.
Heile invitasjonen finn du nedanfor.
Velkommen til orienteringshelg i Førde
18. og 19. juni 2011
KM stafett 2011(Førdebodstikka) laurdag 18. juni
Samlingsplass:
Høgda ved nordenden av Langelandsvatnet, ca. 7 km frå Førde langs E39. Enkel kiosk på samlingsplass.
Start:
På samlingsplass kl.14:00
Kart:
"Bekkeholten", utsnitt av kartet Langeland, laserutskrift. Målestokk 1:7500, ekvidistanse 5 m. Nytt kart 2011, området har ikkje tidlegare vore nytta til orientering.
Løype- og klassetilbod:
KM stafett blir arrangert som ein "2-mannsstafett" med 4 etappar. Løparane på det enkelte lag spring 2 etappar kvar. Stafetten er open for alle som kan springe stafett, dvs. løparar som er 13 år eller eldre. Etapper: 2X1 km + 2x2,5 km med gafling, vanskegrad B/C-nivå. Nokre lag har 1 km først og andre har 2,5 km først. Midtvegs i stafetten har alle lag sprunge like langt. KM Klassar: H 13-16, D 13-16, H 17, D 17.
Lagoppstilling med brikkenummer på liste seinast laurdag kl.13:00
Individuelt N-nivå:
Direktepåmelding til 1 km og H/D-open N (kr 50) og Småtroll (kr 25) ved samlingsplass.
Pris:
H17 og D17, kr 250 per lag, etterpåmeldingsavgift kr 100.
H 13-16 og D 13-16, kr 200 per lag, etterpåmeldingsavgift kr 75.
Påmeldingsfrist:
Onsdag 15.06.10 kl. 24:00 på e-post til: Torodd Os, torodd.os@enivest.net
Premiering: KM-medalje til løparane på dei 3 beste laga i kvar klasse. Individuelle løp: Premie til alle under 12 år som deltek i H/D open N.
Garderobe:
Våtklut.
Kontaktpersonar:
Løpsleiar: Johan Magerøy, telefon: 918 19 545
Løypeleggar: Yngve Årdal, telefon: 911 49 805
Teknisk delegert: Torodd Os, telefon: 913 95912
KM lang (Sunnfjordorienteringa) sundag 19. juni
Samlingsplass:
Høgda ved nordenden av Langelandsvatnet, ca. 7 km frå Førde langs E39. Enkel kiosk på samlingsplass.
Kart:
Utsnitt av kartet Langeland. Målestokk 1: 7500 og 1:10000, ekvidistanse 5 m , laserutskrift. Kartet er utgitt til DM 2010, men ein del av kartet (Bekkeholten) er nytt i 2011.
Start:
Kl 12:00 - omlag 10-15 minutt å gå til start
Løyper og klassar:
Ca. lengde Klassar Kartmålestokk
8,5 km – A H 19 1:10 000
6 km – A H 17-18, H 45 1:10 000
4,5 km – A H 55, H 15-16, D 19-, D 17-18,
D/H open A 1:10 000
H 65
1: 7 500
3,5 km – A/B D 15-16, D 45, D 55
H 13-14, D 13-14, D 65
1: 7 500
2 km - C H 11-12, D11-12, D/H open C, 1: 7 500
1,5 km – N D/H 13-16 N, D/H 11-12 N, D/H open N 1: 5 000
Feit skrift er KM-klassar.
Det kan blir mindre endringar på løypelengdene.
Småtroll
på samlingsplass (kr 25). Meld frå om behov for barneparkering ved påmelding.
Påmeldingsfrist:
Onsdag 15.06.11 kl. 24:00 på e-post til: Torodd Os, torodd.os@enivest.net , med namn, klasse og brikkenr. (brikkeleige kr 25, gi beskjed om ev. leige ved påmelding).
Påmeldingsavgift:
Løparar tom. 16 år: kr 75, etterpåmelding +kr 25. Løparar fom. 16 år: kr 125, etterpåmelding + kr 50
Premiering:
Medaljar til KM-klassane, elles 1/3 til 13-16 år. Ingen premiering i opne klassar, men premie til alle i klassar t.o.m 12 år
Garderobe:
Våtklut.
Kontaktpersonar:
Løpsleiar: Johan Magerøy, telefon: 918 19 545
Løypeleggar: Marius Langballe Dalin, telefon: 480 46 592
Teknisk delegert: Norvald Ospehaug, telefon: 952 32 094
Samlingsplass "Høgda" – KM stafett og KM lang, 18. og 19. juni 2011
Detaljar om kart finn du på: http://www.orientering.no/krets/SognogFjordane/Nyhetsarkiv/Documents/2011KM_stfoglang.pdf
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024