Krav om politiattest i Markane IL.
Postet av Markane IL den 29. Mar 2011
Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevja politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføra oppgåver som i monaleg grad inneber eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga trer i kraft 1. januar 2009. |
I Markane Idrettslag vert ordninga handtert på følgjande måte: Politiattesten inneheld berre opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidlegare idømt førelegg/dømt for brot på reglar i straffelova om seksualbrotsverk overfor barn. Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å innhenta politiattest for andre straffbare tilhøve. Innhenting av politiattest er gratis. Innhenting på ein-to-tre: Markane Idrettslag skal ikkje lagra attesten, men berre få han framvist til gjennomsyn. Kontaktpersonar for politiattestordninga i Markane IL 2011: Ansvarleg: Hallgeir Nygård Epost: hallgeir.nygard@saferoad.com Tlf: 488 96 467 Vara: Eldbjørg Hatledal Epost: aa-in-h@online.no Tlf: 970 76 695 Du kan lesa meir om ordninga og korleis den vert handtert på http://www.idrett.no/politiattest |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024