Junior-NM i langrenn i Selbu:
Postet av Markane IL den 12. Mar 2011
Under junior-NM i langrenn i Selbu var det i dag gått 10 km. Sjølv om dagens løp gjekk i klassisk stil, gjorde skiskyttar Johannes Thingnes Bø nok eit sterkt renn. Han gjekk seg inn til ein god 7.plass av dei i alt 163 startande i klassa for menn 18 år. I mål skilde det 42 sekund opp til dagens vinnar Magnus Stensås frå Lundamo IL.
Markane IL hadde også to andre løparar på start i junior NM. Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 94 medan Johan Eirik Meland vart nummer 117 av dei 156 startande i klassa menn 17 år. Vinnar her vart Erik Lippestad Thorstensen frå Bærums Verk IF.
Fullstendige resultatlister frå junior-NM ligg her.
Junior-NM i langrenn vart avslutta med stafettar på søndag 13.mars. Også her markerte Johannes Thingnes Bø seg sterkt med beste etappetid av dei over 150 juniorane som var på start. Laget frå Sogn og Fjordane bestod av Thomas Sørheim Evjestad, Gjøran Tefre, Johannes Thingnes Bø og Håvard Gutubø Bogetveit. Dei enda til slutt på ein fin sjuandeplass.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024