Ungdoms-OL i Liberec:
Postet av Markane IL den 19. Feb 2011
Sølv til stafettlaget
-etter fantastisk etappe av Johannes Thingnes Bø!
Med god fart i løypa og ein rekordrask siste ståande gjekk Johannes Thingnes Bø det norske laget opp til sølvplass på mixstafetten i Liberec.
Tyskland leia stort sett heile stafetten og vann med fem minutts margin.
Då Johannes vart sendt ut på siste etappen i stafetten, låg det norske laget nede på fjerde plass. På den første skytinga måtte det eit ekstra skot til, men på ståande datt alle blinkane ned på rekordraske 16 sekund. Når Johannes i tillegg hadde dagens beste langrennstid, avanserte det norske laget heilt fram til andreplass. I mål var avstanden opp til Tyskland omlag fire minutt medan bronsevinnar Frankrike kom i mål halvanna minutt etter Noreg.
På det norske laget gjekk også Hilde Fenne, Rikke H. Andersen og Aasmund K. Steien.
Johannes sikra seg dermed medalje i alle dei tre løpa i ungdoms-OL, ein gull og to sølv. Ein fantastisk prestasjon!
Vi gratulerer!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024