Verdscupen i skiskyting i Fort Kent, USA:

Postet av Markane IL den 14. Feb 2011

3x3 plass for Tarjei Bø!!

Emil Hegle Svendsen og Tarjei Bø etter fellesstarten i Fort Kent, USA. Foto: Jan Gustavsson, Norges skiskyttarforbund

Tarjei Bø sikra seg nok ein tredjeplass under fellesstarten i Fort Kent. Dermed var det tre flotte tredjeplassar i løpet av like mange løp.

Martin Fourcade vann løpet 3,1 sekund føre Tomasz Sikora frå Polen og 4,7 sekund føre Tarjei Bø som hadde ein sterk sisterunde. Emil Hegle Svendsen kom på sjetteplass etter to rundar på siste skyting. Dermed auka også Tarjei si verdscupleiing i høve til sin næraste konkurrent Emil Hegle Svendsen med nokre poeng.

Verdscupen samanlagt står no mellom tre løparar: Tarjei Bø med 823 poeng, Emil Hegle Svendsen med 750 poeng og Martin Fourcade med 724 poeng.

Det vert no ein liten pause for skiskyttarane før det brakar laust med årets høgdepunkt i skiskyting:

VM i Khanty-Mansijsk 3.-13. mars!

Meir om VM-programmet kjem når løpa nærmar seg.

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.