Verdscupen i skiskyting i Fort Kent, USA:
Postet av Markane IL den 14. Feb 2011
3x3 plass for Tarjei Bø!!
Tarjei Bø sikra seg nok ein tredjeplass under fellesstarten i Fort Kent. Dermed var det tre flotte tredjeplassar i løpet av like mange løp.
Martin Fourcade vann løpet 3,1 sekund føre Tomasz Sikora frå Polen og 4,7 sekund føre Tarjei Bø som hadde ein sterk sisterunde. Emil Hegle Svendsen kom på sjetteplass etter to rundar på siste skyting. Dermed auka også Tarjei si verdscupleiing i høve til sin næraste konkurrent Emil Hegle Svendsen med nokre poeng.
Verdscupen samanlagt står no mellom tre løparar: Tarjei Bø med 823 poeng, Emil Hegle Svendsen med 750 poeng og Martin Fourcade med 724 poeng.
Det vert no ein liten pause for skiskyttarane før det brakar laust med årets høgdepunkt i skiskyting:
VM i Khanty-Mansijsk 3.-13. mars!
Meir om VM-programmet kjem når løpa nærmar seg.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024