Skiposten 2011:
Postet av Markane IL den 29. jan 2011
Årets skipost er snart i gong!
Vi prøver til igjen med skiposten – turmål, spesielt for borna, i løypenettet til Turløyper Stryn. Årets første post vert lagt ut måndag 31.januar!
Det er gratis å vere med på å klippe skiposten, (men vi oppfordrar likevel alle brukarar av turløypene om å kjøpe årskort i Skiturlaget Ullsheim - Stryn.)
Kvar veke f.o.m veke 5 og fram til påske hengjer vi ut ein ny post. På postane er det ei klippetang som borna nyttar til å klippe i kortet sitt (denne klippetanga får eit nytt mønster / ein ny figur for kvar veke). Vi prøver å byte postane måndagane på ettermiddagen.
Vi håper mange har høve til å bli med på årets skipost!
Meir info om klippekort med meir finn du under...
Klippekort og kart:
Dette får du gratis på butikken Sport 1 Ytre-Eide sport AS. På kartet og klippekortet står det oppført kvar dei ulike postane heng, og kva veke dei heng på dei ulike plassane i skiløypa.
Postane:
Kvar post heng ute i 2 veker. Om deltakaren ikkje får med seg posten den veka den vert hengt ut, kan ein få klippe posten veka etter, og samstundes få med seg den nye posten.
Premiar:
Alle som leverer inn klippekortet sitt får diplom, og er samstundes med på trekninga av gåvekort og andre småpremiar.
Arrangør:
Skiposten er eit samarbeid mellom skigruppa i Markane IL, Markane og Stryn Barneidrettsskule, Turløyper Stryn og Sport 1 Ytre-Eide sport AS.
VI HÅPAR PÅ MANGE DELTAKARAR – OG ØNSKJER ALLE GOD TUR!
Innleveringsfrist for klippekortet er måndag 18.april 2011.
Sendast: Margunn Hjelmeset eller Mariann Hjelmeset
6783 STRYN 6783 STRYN
TURLØYPER STRYN
TURLØYPER STRYN
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026