Tarjei Bø leiar verdscupen samanlagt!
Postet av Markane IL den 20. des 2010
Etter 2.plass på sprinten i Pokljuka leiar Tarjei no verdscupen samanlagt!

Etter å ha blitt beste norske med ein 12.plass på 20 km i Pokljuka, leverte Tarjei eit nytt palløp på sprinten. Etter å ha fått ein strafferunde på liggjande skyting leverte Tarjei ei fantastisk oppvisning på ståande. Fem blinkar rett ned og god fart i sporet gav ein flott andreplass berre 5 sekund etter svenske Bjørn Ferry som skaut feilfritt.
Denne prestasjonen fører Tarjei heilt opp i leiinga i verdscupen. Med 329 poeng så langt leiar han med 23 poeng på Emil Hegle Svendsen som ligg på andreplass med 306 poeng. Ole Einar Bjørndalen ligg på tredjeplass i samanlagtcupen med 265 poeng.
Dermed skal Tarjei gå ut med den gule leiartrøya når verdscupen startar oppatt med renn i Oberhof i Tyskland rett over nyår!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026