Ungdomsleir orientering og KM natt
Postet av Markane IL den 12. Mar 2007
Sogn og Fjordane Orienteringskrins og Førde IL
inviterer O-ungdom i alderen 11-16 år (og gjerne eldre) til
UNGDOMSLEIR 2007
i Førde 23.-24. mars
Frammøte på Sunde Skule. Leiren startar fredag 23. mars kl. 18.00 , avsluttast laurdag 24. mars ca. kl. 17.00
* Fredag ca kl 20.00 er det KM-natt. Alle deltakarane bli med, vi spring i par eller puljar. Det er spennande med natt o-løp! Ta med lykt!
* Oppsummering av løp og sosiale aktivitetar fredag kveld.
* Laurdag blir det to lærerike O-tekniske økter,
info om O-landsleir og hovedløp.
*God muligheit til å bli kjent med fleire o-løparar i krinsen
og mykje mOrrO...“DOn´t miss it!”
Overnatting på hardt underlag, dusj på skulen. Ta med sovepose og liggeunderlag.
Deltakaravgift kr. 100,- dekker mat, overnatting, kart m.m.
Ved påmelding vil vi ha namn, o-lag/o-gruppe, fødselsår, telefon og eventuelt e-postadresse, om du har egen EKT-brikke og lykt, eller ønskjer å låne.
*Kvart klubb må stille med ein lagleiar pr fem deltakarar.
Nærmare info / påmelding til HL-kontakt
e-post: vigdis.saetren@enivest.net. Påmeldingsfrist: 19.mars.
Ein månad seinare kjem vi til å arrangere to nye samlingar.
Ei samling i Sogn i samband med det årlege ”Kjerringi Open” –arrangementet på Leikanger helga 20.-22. april.
Og helga 27.-29. april blir det samling i Stryn i samband med krinsløp laurdag 28. april og Olden-stafetten som går søndag 29.april.
Meir informasjon om desse samlingane kjem seinare.
VILT, VAKKERT OG RÅTT!!!
For meir info følg med på O-krinsen sine heimesider
www.orientering.no/kretser/SognFjordane/
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Startliste for Ullsrennet sprint 05.01.2025
04.01.2025
Resultatliste for SSF cup Ullsrennet 2025
04.01.2025
Startliste til Ullsrennet 2025
04.01.2025
Løypekart 2025 og lenke til webkamera
03.01.2025