Holmenkollen 12.2.2015:
Lagt ut av Markane IL den 13. Feb 2015
6. plass til Johannes Thingnes Bø på normalen
Johannes Thingnes Bø gjekk seg inn til ein sjetteplass på normaldistansen i Holmenkollen. Arkivfoto: Anders Vonheim
Johannes Thingnes Bø gjekk seg inn til ein solid sjetteplass under dagens normaldistanse i Holmenkollen. Han skaut totalt 19 treff. Berre på den tredje skytinga kom det ein bom -og dermed eit tilleggsminutt. I mål var Johannes 1 min 55,7sek etter Martin Fourcade frå Frankrike som skaut feilfritt. Også dei to andre på pallen skaut 20 treff. Andreplassen gjekk til Evgeniy Garanichev frå Russland. Han var 14,2 sek etter vinnaren. Sergey Semenov frå Ukraina kom på tredjeplass, 48,8 sek etter vinnaren.
Tarjei Bø stod over løpet.
Verdscupen held fram i Holmenkollen laurdag. Då er det sprint på programmet.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Markane IL
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024
Lagsdrakter
01.03.2024
Resultatliste for cuprenn 4 i fri teknikk
27.02.2024