Ullsheim 5.-6. september 2014:
Postet av Markane IL den 16. aug 2014
Inspirasjonssamling med BØ-BRØRNE

Det vert inspirasjonssamling med Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø i samband med Bendit rulleskifestival. Foto: Fjordingen
I samband med Bendit rulleskifestival på Ullsheim 5.-7. september legg MIL opp til ei treningssamling ilag med Bø-brørne Tarjei og Johannes, samt Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland.
Her kan alle få nyttige tips som kan vere gode å ha med seg i treningsarbeidet framover.
Treningsøktene er for utøvarar frå 13 år og oppover, og føregår frå kl. 18-20 på fredagskvelden og kl. 0930 -1130 på laurdag. Det kan eventuelt bli endring av tidene utifrå talet påmeldte.
Rulleski, hjelm og våpen/skot må alle ha med sjølv.
Nytt deg av dette tilbodet og tren med dei aller beste! Samlinga kostar kr 200, -og inkluderer ein deltakarpremie frå Bendit.
Påmelding: Online via Terminlista www.sportsadmin.no eller www.minidrett.no innan 3. september.
Les også om Bendit rulleskifestival på NSF si heimeside.
Innbyding til Bendit inspirasjonssamling 5.-6. september.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026