Byrkjelo 5.-6. juli 2014:
Postet av Markane IL den 6. jul 2014
God innsats i Sparebankleikane 2014

Jørgen Trøsken og Inger Hjelmeset deltok på Sparebankleikane 2014 på Byrkjelo. Foto: Margunn Hjelmeset (frå vintersesongen 2013).
Det var stor aktivitet i mange øvingar då Sparebankleikane 2014 vart arrangert på Byrkjelo stadion. Også Markane hadde nokre unge lovande utøvarar i sving på friidrettsbana.
Jørgen Trøsken deltok i klasse G10 år som hadde øvingane 60 meter, lengde og kulestøt. Inger Hjelmeset deltok i klasse J9 år i øvingane lengde og 60 meter. Alle desse konkurransane vart avvikla på laurdagen.
På søndagen hadde Markane ein deltakar. Simon Hjelmeset Kirkeeide stilte opp på 600 meter i klasse G14 der han sprang inn til 4. plass med tida 1 min 45,03 sek. Vinnar av øvinga vart Kent Ove Sæten frå Hyen på 1 min 37,47sek.
Resultat frå alle øvingane er lagt ut nedanfor.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026