Skiposten 2014:
Postet av Markane IL den 18. Mai 2014
Premiering for Skiposten 2014
Kornelia Trøsken var ein av dei heldige vinnarane av gåvekort for deltakinga i Skiposten 2014. Foto: Margunn Hjelmeset
Skiposten er avslutta for ei god stund sidan, og no er premielista klar. Totalt vart det levert inn 25 klippekort for deltaking på årets skipost. Alle deltakarane som har levert inn klippekorta sine har fått seg pose frå Barnas Skiklubb med Donaldblad, buff og fleire små overraskingar oppi. Dei som har vore på alle postane og klipt har fått ein liten premie i tillegg. Dette er mellom anna luer, skihanskar, refleksvestar og drikkebelte.
Nokon var også så heldige at dei vann seg gåvekort. Det vart her trekt ut 3 vinnarar blant dei som hadde klipt alle postane.
Gåvekort kr 300.- på Sport1 Ytre-Eide Sport AS - Gjeve av Arvid Hatledal AS
Vinnar: Marthe Gjøvåg Heggestad
To gåvekort av kr 200.- frå Sport 1 Ytre Eide Sport AS
Vinnarar: Kornelia Trøsken
Rasmus Loen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024