NM-gull til Tarjei Bø på fellesstarten

Postet av Markane IL den 18. Sep 2023


Verken Johannes eller  Tarjei låg heilt i teten før første skyting, der begge fekk seg ein strafferunde. Men på dei neste to skytingane vart det feilfritt for Johannes, og ut frå tredje skyting var han rett ibak leiaren Sturla Holm Lægreid. Tarjei låg etter tredje skyting på 7. plass, ca. 45 sekund bak, etter å ha vore ut  i ein strafferunde på kvar av dei første tre seriane.

Men på siste skyting vart det skifte i teten Etter feilfritt på dei første tre seriane vart det heile tre strafferundar på Lægreid. Også Johannes måtte ut i to strafferundar, og gjekk ut på ein tredjeplass. Med feilfritt på dei siste fem skota var det Tarjei som overtok førsteplassen, nokre få sekund føre Harald Øygard frå Skrautvål IL.

Sistnemnde  vart innhenta av Johannes, og eit stykke ut på den siste runden låg det an til dobbelt Bø. Men Vebjørn Sørum frå Søndre Ål hadde ein god dag på rulleskia. Han henta inn Johannes si leiing på kring ti sekund, og inn til mål gjekk han ifrå med ytterlegare tre sekund. Han var fire sekund bak norgesmeister Tarjei. Men gull og bronse til Bø og Markane!

Også Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk eit nytt godt løp - spesielt i løypa. På skytinga enda det med  totalt seks strafferundar, men farten var god og førte han til ein flott 14. plass.


Vi gratulerer!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.