Suverent EM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 24. Jan 2024

Med fire fulle hus vart det eit suverent gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide på normaldistansen under EM i Osrblie!

Foto: Skjermdump frå IBU

Det låg an til å bli eit toppløp for Maren heilt frå starten. Etter første skyting var på ho ein 8.plass berre 15,9 sekund etter svenske Stina Nilsson. 

Løpet til Maren vart betre og betre for kvar skyting og etter det tredje fulle huset gjekk ho ut i teten 10,4 sekund føre lagvenninna Ida Lien.

Etter å ha klart full hus også på siste skyting hadde Maren 36,7 sekund ned til Ema Kapustova frå Slovakia som då låg på sølvplass.. Med god fart i løypa var det ingen som var i nærleiken av å truge sigeren.

I mål kom Alina Stremous frå Moldova, som også skaut fire fulle hus, på  sølvplass. Ho var 46,5 sekund bak. Bronsen gjekk til Ema Kapustova som i mål var  59,1 sekund bak.

Ida Lien (1–0–0–2) vart nummer fire, over to minutt bak.

Også ein annan nordfjording leverte flott innsats i EM i dag då Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL sikra seg  sølv i herreklassen.


Vi gratulerer!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.