Sølv på VM-stafetten med Tarjei og Johannes på laget

Postet av Markane IL den 17. Feb 2024

Det vart VM-sølv til det norske herrelaget i skiskyttar-VM i Nove Mesto der Tarjei Bø gjekk andre etappe og Johannes Thingnes Bø gjekk tredje etappe. 


Det norske laget bestod av Sturla Holm Lægreid, Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø og Vetle Sjåstad Christensen. 

Sturla Holm Lægreid brukte eit ekstra skot på første skyting og Noreg hamna 12.5 sekund etter leiarlaget. På andre skyting stod det igjen ein blink etter tre ekstraskot og dermed vart det ein strafferunde. Noreg hamna dermed eit stykke bak i køen og var 44,7 sekund etter leiarlaget ved veksling.

Tarjei Bø gjekk andre etappe og gjorde ein flott innsats. Med ein feilfri serie på liggjande var det norske laget berre 19, seku0nd etter teten på ein 6.plass. På ståande skyting vart det to ekstra skot, men Noreg gjekk ut berre 9, 3 sekund etter teten. Med høg fart i sporet sende Tarjei det norske laget tilbake i leiinga og veksla som første lag. Tsjekkia følgde på andreplass 5, 4 sekund bak og Sverige på tredje 18,6 sekund bak.

Johannes Thingnes Bø tok godt vare på leiinga gjennom heile sin etappe. Det vart to ekstra skot på første skyting, men Noreg var likevel 21, 1 sekund føre laget på andreplass, Sverige. Johannes skaut ein perfekt serie på ståande og auka leiinga til resten av feltet. Ved veksling hadde Noreg 30, 3 sekund ned til Sverige og 59,7 sekund til Tyskland.

Vetle Sjåstad Christensen gjekk ankeretappen for Noreg. Det starta bra med ein feilfri serie på liggjande skyting og utfrå liggjande var Noreg 59,7 sekund føre Sverige. Men på den siste skytinga rakna det. Etter tre ekstra skot stod det framleis tre blinkar igjen. Dermed enda det med tre strafferundar. Noreg gjekk ut på sisterunden på tredjeplass 25,0 sekund etter Sverige og 5,1 sekund etter Frankrike. Sverige og gullet var dermed ikkje noko å gjere med, men Vetle gjekk forbi Frankrike på sisterunde og sikra Noreg ein sølvmedalje med eit sekunds margin. Differansen fram til Sverige vart i mål til 11, 8 sekund.

Vi gratulerer med VM-sølvmedalje!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.