3.plass til Katrine Svarstad Heggdal i Norgescupsprinten

Postet av Markane IL den 25. Feb 2024

Katrine Svarstad Heggdal frå Markane IL/Stryn vgs gjekk inn til tredjeplass på Norgescupsprinten på Fossum i klasse K18.

Ho hadde høg fart i sporet og med fullt hus på første skyting og ein bom på andre skyting så vart det ein ny pallplass berre 29,4 sekund etter vinnaren Eiril Høistad Nordbø frå Fet Skiklubb/NTG Lillehammer som skaut feilfritt. Andreplassen i klassa gjekk til Bjørg Marit Eide frå Hålandsdal IL/NTG Geilo. Ho skaut også feilfritt og var 24,9 sekund etter vinnaren.

Også Mari Sofi Meland gjekk eit flott løp og kom i mål til ein sjetteplass i klasse K19. Sjølv om det vart to bom på den andre skytinga så skilde det berre 51,9 sekund fram til vinnaren Ida Madelein Fuglset frå Nittedal skiskyttarlag/WTR som hadde ein bom. I same klasse kom Oddrun Hjelmeset Kirkeeide på ein 11.plass. Også ho hadde totalt to bom og var 1 min 17.5 sekund etter vinnaren. Elina Østerbø var nr 20 og var 2 min 30,2 etter vinnaren etter ein litt tung dag på standplass med totalt fem bom.

Aksel Mathias Meland vart nr 20 i menn senior. Han hadde ein bom på andre skyting og var 2 min 3,3 sekund etter klassevinnar Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL.

Også i går var det Norgscuprenn på Fossum. Det var då kort normaldistanse. Også denne dagen var det Katrine Svarstad Heggdal som fekk best plassering av deltakarane frå Markane IL med ein 8.plass. I klasse K 19 kom Elina Østerbø på 12.plass, Mari Sofi Meland på 13.plass og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide på ein 22.plass. Aksel Mathias Meland kom på ein 21.plass i menn senior. Også Maren Hjelmeset Kirkeeide som er klar for Holmenkollen til helga, gjekk normalen på laurdagen. Med totalt tre tilleggsminutt var det denne gongen ein 11.plass. Blant dei andre lokale løparane var det Gunn Kristi Tvinnereim  frå Hardbagg IL som gjorde det best på laurdagen då ho kom på pallen i K20-22.

Foto: Nordfjord Team Tussa


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.