Sølv på stafetten i OL!
Postet av Markane IL den 25. Feb 2018
Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk på det norske herrelaget som sikra seg OL-sølv på skiskyttarstafetten i Pyeongchang.
Lars Helge Birkeland gjekk på 1. etappe og veksla med Tarjei Bø. Tarjei måtte bruke alle tre ekstraskota på begge skytingane, men heldt Norge inne i kampen om medaljene.
Tarjei veksla med Johannes, som nok ein gong gjekk eit flott løp. Fullt hus med berre eitt ekstraskot gjorde at han veksla med Emil Hegle Svendsen på ein delt førsteplass med Sverige.
Stafetten vart avgjort på siste skyting at der Svendsen pådrog seg strafferunde, medan svensken fylte under vanskelege skyteforhold. Dermed vart det sølvmedalje på det norske laget. For Tarjei var dette den første OL-medaljen i desse leikane. Johannes får med seg eitt gull og to sølv heim.
Vi gratulerer!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024