Sølv på herrestafetten i VM
Postet av Markane IL den 22. Feb 2020
Johannes Thingnes Bø gjorde ei solid opphenting på den siste etappen og sikra det norske stafettlaget sølv i VM. På det norske laget gjekk Vetle Sjåstad Christiansen, Johannes Dale, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø. (Foto: Stian Grythaug)
Noreg starta dårleg, og måtte jobbe mykje for å hente inn det Vetle Sjåstad Christiansen tapte då han måtte ut i strafferunde på første etappe. Også på den andre og tredje etappen brukte det norske laget for mange ekstra skot og det såg lenge ut til å gå mot ein bronsemedalje, heilt til Tyskland feila og måtte i strafferunden etter siste skyting. Johannes klarte seg med eit ekstraskot på siste skyting og gjekk dermed ut like bak Tyskland. På den siste runden var Johannes klart best og sikra sølvet med god margin. Frankrike tok eit suverent gull.
Vi gratulerer Tarjei og Johannes med stafettsølv!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024
BAMA skiskyttarskule 16.10.2024
15.10.2024