Nytt historisk VM-gull til Johannes Thingnes Bø!
Postet av Markane IL den 16. Feb 2025
Johannes Thingnes Bø vart historisk då han gjekk inn til sitt 22.VM-gull på jaktstarten i Lenzerheide. Han har dermed passert både Bjørndalen og Fourcade i talet på individuelle VM-gull der Johannes no er oppe i 12. Tarjei Bø sikra seg 10.plass på jaktstarten medan tidlegare i dag vart Maren Hjelmeset Kirkeeide nest beste norske med sin 33.plass i kvinneklassen,
Johannes starta først på jaktstartenog leverte 18 treff på standplass. Med god fart i sporet heldt det til å sikre gullet i mål.
Laurdag vart han historisk som den mestvinnande i VM-historia. Han passerte då Ole Einar Bjørndalen som står med 20 gullmedaljar.I dag slo han nok ein rekord då han gjekk forbi både Martin Fourcade og Bjørndalen som utøvaren med flest individuelle VM-gull. Johannes tronar no øvst på den rankingen med tolv.
Undervegs i løpet var gårsdagens sølvvinnar Campbell Wright den som var nærast Johannes. Men Johannes heldt unna og sikra gullet med 8.4 sekund. Wright tok sitt andre sølv på to dagar. Bronsen gjekk til franske Eric Perrot.
Tarjei Bø gjekk nok eit jamt godt løp og hadde også 18 treff. Dermed vart det nok ein 10.plass og i mål skilde det 1 min 46 sekund opp til Johannes og gullet. Dei andre norske plasserte seg slik: Sturla Holm Lægreid nr 4, Endre Strømsheim nr 8 og Martin Uldal nr 12.
Tidlegare på dag var kvinnene i sving med sin jaktstart Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk ut på ein 16.plass. Det vart litt for mange bom til å kunne vere med heilt fram i teten i dag med totalt 7 bomskot på dei fire skytingane. Dermed vart det ein 33.plass i mål 3 minutt 38 sekund etter Franziska Preuss frå Tyskland. Sølvet gjekk til svenske Elvira Öberg og bronsen til franske Justine Braisaz-Bouchet. Maren var likevel nest best av dei norske kvinnene. Beste norske vart Ingrid Tandrevold på 18.plass med 4 bom medan Ragnhild Femsteinevik vart nr 45 med 5 bom og Karoline Knotten nr 51 med 6 bom
Tysdag er det klart for normaldistanse for kvinnene medan mennene går normaldistanse på onsdag.
Vi gratulerer Johannes med nok eit VM-gull!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL

Sølv på parstafetten i VM
20.02.2025